Undersøking etter petroleum

Alle føretak som ønskjer å starte undersøking etter petroleum må ha eit undersøkingsløyve frå Oljedirektoratet.

Om denne tenesta

Føretak som skal starte undersøking etter petroleum.

Informasjon om kva som må leggjast ved søknad om undersøkingsløyve finn du i Forskrift til lov om petroleumsverksemd, § 3.

Forskrift til lov om petroleumsvirksomhet, § 3

Undersøkingsløyve blir gitt av Oljedirektoratet innanfor dei områda på norsk sokkel som er opne for petroleumsverksemd og som ikkje er tildelt gjennom eit utvinningsløyve.

Undersøkingsløyvet gir ikkje eksklusive rettar til petroleumsverksemd i det aktuelle området, men gir rett til å gjennomføre geologiske, geofysiske, geokjemiske og geotekniske aktivitetar.

Gebyr

For undersøkingsløyve skal det forskotsvis betalast eit gebyr til Oljedirektoratet. For kvar seismiske undersøking skal det også betalast eit gebyr. Dei til kvar tid gjeldande satsane finn du i Forskrift til lov om petroleumsverksemd.

Forskrift til lov om petroleumsverksemd, § 5 om betaling for undersøkingsløyve

 

 

Åpne kontaktskjema