Dersom rapporteringspliktige mistenker at ein transaksjon gjeld utbyte av ei straffbar handling eller forhold ramma av straffelova § 131 til § 136 a (terrorfinansiering), skal dei gjere undersøkingar for å få stadfesta eller avkrefta mistanken (jf. kvitvaskingslova § 17). Dersom undersøkingane ikkje avkreftar mistanken, skal den rapporteringspliktige sende eit rapporteringsskjema til ØKOKRIM om den aktuelle transaksjonen og om dei forholda som har ført til mistanken (jf. kvitvaskingslova § 18).
Skjemaet skal sendast så snart som råd er etter den mistenkelege transaksjonen.
Se elles kvitvaskingslova § 19 om handtering av mistenkelege transaksjonar.
Kvitvaskingslova § 4 gir ei oversikt over kven som fell inn under lova som rapporteringspliktig til ØKOKRIM.
For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Økokrim Rapportering.
Du kan sjå kva slags roller du har for ein aktør på sida Profil/roller og rettigheter. Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon som har rolla, til å delegere henne til deg.
Førebygge og kjempe mot kvitvasking og terrorfinansiering.
Skjemaet MT-0002 skal nyttast ved rapportering av mistenkelege transaksjonar etter kvitvaskingslova.
MT-0002 ligg ikkje arkivert i Min meldingsboks etter innsending.
Faglig brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema:
23 29 14 05 / 23 29 10 00
efe.okokrim@politiet.no