Det kan søkjast om godkjenning for opphavsgarantiar kvart femte år for kvart av kraftverka. Det skal og sendast inn ny søknad ved endringar av kraftverket.
For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Energi, miljø og klima.
Du kan sjå kva rollar du har for ein aktør på sida Tilgangsstyring. Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon som har rolla til å delegere den til deg.
Søknad om opphavsgarantiar er ei frivillig ordning.
Søknader om opphavsgarantiar kan brukast dersom eit kraftverk ønskjer å få utstedt opphavsgarantiar for kraftproduksjonen sin. Garantiane kan vidare brukast til å dokumentere opphavet til kraftproduksjonen som seljast til forbrukarane. Med opphavsgaranti kan kraftprodusentar dokumentere at bedriftas kraftforbruk ikkje forureinar, verken i form av CO2-utslipp eller kjernefysisk avfall.
Bakgrunnen for skjemaet er å gjere enklare saksbehandlinga i samband med søknad om opphavsgarantiar. Etter fornybardirektivet skal landa i EU mellom anna tilby produsentane av elektrisitet frå fornybare energikjelder opphavsgarantiar. Garantiane er bevis på at ei bestemd mengde elektrisitetsproduksjon er fornybar. Det kan og gis opphavsgaranti til all anna elektrisitetsproduksjon, men då av ein anna type. Skjemaet kan brukast av alle som ønskjer godkjenning for å få utstedt opphavsgaranti.
For å kunne søkje om godkjenning via Altinn må kraftverkseigar ha eit organisasjonsnummer. Kraftverkseigare som ikkje har eit slikt nummer, må skaffe eitt frå Brønnøysundregistra, eller ta direkte kontakt med NVE.
Innføring av eit system for opphavsgarantiar er del av Noregs pliktar ved innføring av EUs fornybardirektiv og CHP-direktiv i Noreg. Regjeringa har laga eit rammenotat om direktiva (PDF).
Ved feilmelding eller problemer ved innlogging vennligst se https://www.nve.no/skjema/feil.
Har du spørsmål eller videre problemer kan du henvende deg til nve@nve.no.
Vennligst benytt navn og referansenummer på skjemaet (overskriften på denne siden) som emne, for at vi raskere kan behandle din henvendelse. Send gjerne med skjermbilder og forklaringer.