Fristen for å søka om godkjenning av elsertifikater var 1. april 2022. Søknadsfristen er fastsett i forskrift om elsertifikater kapittel 2 § 6. Fristen gjaldt både for nye produksjonsanlegg og for opprusting og utviding av eksisterande anlegg.

Om denne tenesta

Eigarar av kraftverk  kan søkje om å få sitt/sine anlegg godkjend for ordninga.

Eigarar av kraftverk som er med i ordninga får elsertifikat som kan seljast i den norsk-svenske elsertifikatmarknaden. Kraftleverandørar og visse straumbrukarar  vert  pålagt å kjøpe elsertifikat for ein del av straumen dei sel eller brukar.

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Energi, miljø og klima.

Du kan sjå kva rollar du har for ein aktør på sida Tilgangsstyring. Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon som har rolla til å delegere den til deg.

Dokumentasjon av målearrangement

Viss relevant, dokumentasjon av:
-          Tiltak for å auke produksjon
-          Størrelse på varig produksjonsauke
-          Målesløyfas nøyaktigheit
-          Byggestart eller idriftsetting

Elsertifikat er ein økonomisk støtteordning som stimulerar til auka investeringar i produksjon av straum frå fornybare energikjelder. Kraftverk som er i med i ordninga får rett til å ta i mot elsertifikat i inntil 15 år. Inntekta kjem i tillegg til inntektene frå sal av straum. Kraftleverandørar og visse straumbrukarar  vert pålagt å kjøpe elsertifikat for ein del av straumen dei sel eller brukar.

Eigarar av kraftverk som er med i ordninga får elsertifikat som kan seljast i den norsk-svenske elsertifikatmarknaden. Kraftleverandørar og visse straumbrukarar  vert  pålagt å kjøpe elsertifikat for ein del av straumen dei sel eller brukar.

Kontaktinformasjon

Ved feilmelding eller problemer ved innlogging vennligst se https://www.nve.no/skjema/feil.

Har du spørsmål eller videre problemer kan du henvende deg til nve@nve.no.

Vennligst benytt navn og referansenummer på skjemaet (overskriften på denne siden) som emne, for at vi raskere kan behandle din henvendelse. Send gjerne med skjermbilder og forklaringer.

 

Åpne kontaktskjema