Om denne tenesta

Søknad skal sendast til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Tiltakshavar utarbeider ei melding med forslag til utgreiingsprogram. Denne blir sendt inn til NVE, som sender den vidare ut på ei offentleg høyring. I etterkant av høyringa fastsett NVE eit endeleg konsekvensutgreiingsprogram etter at det er lagt fram for Miljøverndepartementet. Tiltakshavar er så ansvarleg for at det blir utarbeidd ei konsekvensutgreiing i samsvar med programmet. Dette blir gjort parallelt med utarbeiding av ein konsesjonssøknad etter energilova. Konsesjonssøknaden og konsekvensutgreiinga blir samtidig sendt inn til NVE, som sender dette ut på ei offentleg høyring. I etterkant av denne høyringa kan NVE anten godkjenne konsekvensutgreiinga eller be om tilleggsutgreiingar dersom naudsynt. Når konsekvensutgreiinga er godkjent av NVE, kan NVE fatte eit konsesjonsvedtak etter energilova.

LOV 1990-06-29 nr 50: Lov om produksjon, omforming, overføring, omsetning, fordeling og bruk av energi m.m. (energiloven)

FOR 1990-12-07 nr 959: Forskrift om produksjon, omforming, overføring, omsetning, fordeling og bruk av energi m.m. (energilovforskriften)

LOV 2008-06-27 nr 71: Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven)

FOR-2014-12-19 nr 1726 Forskrift om konsekvensutredninger for planer etter plan- og bygningsloven

FOR 2012-12-07 nr 1158: Forskrift om energiutredninger

Konsesjonssøknaden skal så langt det passer omfatte følgjande:

- ei skildring av søkjaren og søkjaren si verksemd,
- ei teknisk og økonomisk skildring av anlegget, under dette den fysiske utføring av anlegget og eventuelle hjelpeanlegg som vegar m.m.
- anlegget sin innpassing i energiplan,
- dei planlagde tidspunkta for påbegynning og fullføring av anlegget,
- ei utgreiing for den landskapsmessige tilpassinga med naudsynte teiknings- og kartgrunnlag,
- anlegget sin effekt på allmenne interesser samt mogelege avbøtande tiltak,
- resultata av eventuelle konsekvensanalysar,
- kva for effekt anlegget har på private interesser, under dette grunneigarane og andre rettshavarar sine interesser,
- behovet for løyve etter anna lov, under dette forholdet til kommunale planar med heimel i plan- og bygningslova.

Rettleiar for utforming av konsesjonssøknad er utgitt av NVE -publikasjon nr.21, 1991.


Krav til søkjar:

Konsekvensutgreiingar etter plan- og bygningslova søkjer å klargjere verknadane av tiltak som kan ha vesentlege konsekvensar for miljø, naturressursar eller samfunn. Konsekvensutgreiinga skal sikre at desse verknadane blir tatt omsyn til ved planlegging av tiltaket, og det når ein skal ta stilling til om, og ev. på kva for vilkår, tiltaket skal gjennomførast.

Regelverket opererer med vedlegg I-tiltak som alltid skal bli greidd ut, og vedlegg II-tiltak kor det i kvart enkelt tilfelle skal bli vurdert om det planlagde anlegget utløyser krav om melding og konsekvensutgreiing.

Tiltakshavar utarbeider ei melding med forslag til eit utgreiingsprogram. Denne blir sendt inn til NVE, som sender den vidare ut på ei offentleg høyring. I etterkant av høyringa fastsett NVE eit endeleg konsekvensutgreiingsprogram etter å ha blitt lagt føre for Miljøverndepartementet. Tiltakshavar er så ansvarleg for å ein utarbeider ei konsekvensutgreiing i samsvar med programmet. Dette blir gjort parallelt med utarbeiding av ein konsesjonssøknad etter energilova. Konsesjonssøknaden og konsekvensutgreiinga skal sendast samtidig inn til NVE, som sender dette ut på ei offentleg høyring. I etterkant av denne høyringa kan NVE anten godkjenne konsekvensutgreiinga dersom naudsynt. Når konsekvensutgreiinga er godkjent av NVE, kan NVE fatte eit konsesjonsvedtak etter energilova.

Melding er ein tidleg varsling av eit planlagt prosjekt. Meldinga kan bidra til å gi rørte partar informasjon om prosjektet, samtidig som desse får høve til å komme med utsegner og innspel. I meldinga skal utbyggjaren gjere greie for tiltaket, gi ein førebels vurdering av mogelege konsekvensar for omgjevnadene og foreslå eit utgreiingsprogram.

Det skal alltid bli utarbeidd melding for kraftleidningar og jord- og sjøkablar med spenning 132 kV eller høgare som er meir enn 20 km lange, for kraftvarmeverk med yting 150 MW eller meir.

Kraftleidningar og anlegg for produksjon av elektrisk energi skal meldast dersom følgjande krav er oppfylt (vedlegg II-tiltak):

- investeringskostnadane er høgare enn 50 millionar og
- prosjektet medfører utarbeiding av plan etter plan- og bygningslova og
- prosjektet blir vurdert å røre/komme i konflikt med eitt eller fleire av kriteria i § 4 i plan- og bygningslova si forskrift om konsekvensutgreiingar.

Koordinerte kraftsystemutgreiingar i regional- og sentralnett skal bidra til ein samfunnsmessig rasjonell utvikling av energisystemet og gi grunnlag for behandling av søknader om konsesjon.

Vilkår for konsesjon:

A. Drift og vedlikehald

Konsesjonæren plikter til ein kvar tid å halde anlegget i tilfredsstillande driftssikker stand, under dette å sørgje for vedlikehald og modernisering som sikrar ein tilfredsstillande leveringskvalitet.

B. Miljø og landskap

Konsesjonæren plikter ved planlegging, utføring og drift av anlegget å sørgje for at allmenta blir påført minst mogeleg miljø- og landskapsmessige ulemper, i den grad dette kan skje utan urimelege kostnader og ulemper for konsesjonæren.

C. Beredskap

Konsesjonæren plikter ved planlegging, utføring og drift av anlegget å sørgje for at det blir tatt beredskapsmessige omsyn.

D. Nedlegging og rydding av anlegg

Ved nedlegging av anlegg plikter den tidlegare konsesjonæren å fjerne det nedlagte anlegget, og så langt det er mogeleg å føre landskapet tilbake til naturleg tilstand. NVE kan sette frist for arbeidet og treffe avgjersler m.o.t. tilbakeføringa.

Åpne kontaktskjema