Har du utdanning eller yrkeskvalifikasjon frå utlandet, må du ha godkjenning eller autorisasjon for å utøve yrket i Noreg. Godkjenningsmyndigheita vil vurdere om du oppfyller krava til å utøve yrket og bruke yrkestittelen i Noreg. Du finnopplysingar om dokumentasjonskrav, søknadsprosess og regelverk på NVE sine nettsider.
Finn skjemaet på nve.noSpråkkrav:
Det stilles ingen krav til at søkjar skal kunne eitt spesielt språk. Det vil likevel vere svært vanskeleg å tileigne seg obligatorisk praksis utan å kunne lese, skrive og snakke eit av dei skandinaviske språka.
Kriterium/vilkår for godkjenning:
Dersom kvalifikasjonen din er frå eit EØS-land eller Sveits, kan du ha rett til å få søknaden din handsama etter yrkeskvalifikasjonslova og forskrift om godkjenning av yrkeskvalifikasjoner. I tillegg går nasjonale kvalifikasjonskrav knytt til praktisering av yrket fram av damsikkerheitsforskrifta § 3-5 Kvalifikasjonskrav til fagansvarleg.
Sakshandsamingsfristar:
Godkjenningsmyndigheita skal stadfeste mottak av søknaden din innan ein månad etter at han er motteken, og opplyse om eventuelle manglande dokument eller manglar ved søknaden.
Godkjenningsmyndigheita skal ha handsama søknaden ferdig innan tre månader etter at komplett søknad er sendt inn.
Gebyr:
Noregs vassdrags- og energidirektorat krev ikkje gebyr for handsaming av søknad om godkjenning.
Klage på vedtak:
Når godkjenningsmyndigheita har fatta eit vedtak, har du moglegheit til å klage på dette vedtaket etter reglane i forvaltingslova kap. VI. Dersom søknaden din er omfatta av yrkeskvalifikasjonslova, kan du òg klage viss godkjenningsmyndigheita ikkje har handsama saka innan fristen (sjå Sakshandsamingsfristar over).
Noregs vassdrags- og energidirektorat
Postboks 5091 Majorstua,
0301 Oslo
E-post: nve@nve.no
Tlf: 22 95 95 95
Besøksadresse: Middelthuns gate 29, 0368 Oslo