Innsending skal skje før sal eller utleige, ev. før nybygg får ferdigattest. Plikta trer i kraft 01.07.2010.
For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Energi, miljø og klima.
Du kan sjå kva rollar du har for ein aktør på sida Profil, roller og rettar. Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon som har rolla til å delegere den til deg.
For energimerking blir data lagt direkte inn i dataløysinga. For energivurdering av tekniske anlegg blir resultatrapporten lasta opp til løysinga.
Energimerkeordninga er basert på at eigaren av ei bygning eller ein bolig har plikt til å leggje fram ein energiattest m.a. ved sal og utleige. Energiattesten kan bli skaffa til vege ved å gi den naudsynte informasjonen til det web-baserte Energimerkesystemet. Eigaren kan leggje inn informasjonen sjølv, eller delegere oppgåva ved å gi andre den naudsynte tilgangen. For boligar vil det vere mogleg å gjennomføre energimerkinga med relativt få opplysningar. For kompliserte bygg, og bygningar som det er gjort vesentlege endringar på, vil det som regel vere behov for betydelig meir informasjon.
Eigaren av bygningar med kjeleanlegg og klimaanlegg av visse typar plikter også å utarbeide ei energivurdering om den tekniske standarden til desse anlegga.
Faglig brukserstøtte svarer på spørsmål knyttet til skjemaet.
Enova svarer
E-post: svarer@enova.no
Telefon: 08049