Alle som ønskjer å starte eit fiskesalslag må ha godkjenning av Nærings- og fiskeridepartementet. Eit fiskesalslag skal vere organisert som eit samvirkeføretak.
Samvirkeføretak som ønskjer å starte eit fiskesalslag.
Det er berre fiskarar eller organisasjonar av fiskarar som kan vere medlemmer i eit fiskesalslag.
Etter fiskesalslagslova § 8 skal førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar skje gjennom eller med godkjenning av eit fiskesalslag.
Det er forbode å føre ut eller tilverke viltlevande marine ressursar som ikkje er omsette i første hand med godkjenning av eit fiskesalslag, med mindre det er til eige forbruk.
Departementet kan godkjenne eit samvirkeføretak som fiskesalslag. Etter fiskesalslagslova § 4 kan berre fiskarar eller organisasjonar av fiskarar vere medlemmar av eit fiskesalslag.
Vedtektene skal ha reglar om følgjande:
Merknader:
Eit fiskesalslag har revisjonsplikt.
Departementet nemner opp ein offentleg kontrollør i kvart fiskesalslag som skal utføre tilsyn. Fiskesalslaget betalar honorar etter satsar som er fastsette av departementet. Kontrolløren skal ha uhindra tilgang til innsyn i alle bøker, protokollar og all korrespondanse i salslaget. Kontrolløren skal vere til stades på styremøte og årsmøtet i fiskasalslaget.