Alle som vil søkje eller melde om nytt vassforsyningssystem og/eller endringar som gjeld eksisterande vassforsyningssystem skal bruke skjemaet.
Start tenesteTenesta krev innlogging med ID-porten (tryggleiksnivå 3 eller høgare).
Tenesta krev at du rapporterer på undereining til juridisk person (bedriftsnummer). Undereining får du fram ved å hake av i boksen for "Vis også undereining (bedrift)" på sida for val av verksemd det skal rapporterast for.
Krav til vedlegg for søknad og plangodkjenning:
Dokument som skildrar internkontroll, farekartlegging og farehandtering, beredskapsplan, prøvetakingsplan, teikningar og andre rutineskildringar kan lastast opp under punktet «Registrer vedlegg» i søknadsskjemaet – døme på vedlegg blir vist her:
Gebyr for søknadsbehandling:
Denne tenesta blir rekna som ei særskild yting og omfattast av gebyrplikt, jf. forskrift 13.2.2004 nr. 406 om betaling av gebyr for særskilde ytingar frå Mattilsynet. Gebyrstorleiken er variabel i høve til faktisk ressursbruk for dei gebyra som er fastsette i vedlegg 1 kapittel 2 og heimla i § 5. For melding om mindre endringar for aktivitetar som alt har godkjenning, kan gebyr falle heilt bort. Gebyrplikta gjeld sjølv om du får avslag på ein søknad eller om søknadsbehandlinga blir avbroten. Eit administrasjonsgebyr blir lagt til for kvar faktura. For å oppnå effektiv søknadsbehandling, må den innsende søknaden kunne gi oss dei opplysningane vi treng for å vurdere om vassforsyninga, og drifta av denne, kan etterleve forskrifta sine krav. For å oppnå dette må naudsynt dokumentasjon leggjast ved søknaden.
Saksbehandlingstid:
Mattilsynet skal førebu og avgjere saka utan ugrunna opphald. I saker som gjeld enkeltvedtak, skal det givast førebels svar dersom ein førespurnad ikkje kan svarast på innan ein månad etter at han er motteken.
Klagerett:
Du kan klage på enkeltvedtak. Du må grunngi klaga, skriva under og sende ho til oss innan tre veker etter at du har fått brevet om vedtaket. Reglane om klage står i forvaltningslova §§ 28-29
Mattilsynet svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjemaet:
postmottak@mattilsynet.no
tlf: 22 40 00 00