Om denne tenesta

Søknaden kan berre sendast inn av yrkesutøvarar/enkeltpersonar til Mattilsynet.

For å jobbe som seminteknikar/inseminør må du ha autorisasjon frå Mattilsynet.

Språkkrav: Nei, det er ikkje språkkrav 

Saksbehandlingsfristar: Godkjenningsstyresmakta skal stadfeste mottak av søknaden din innan ein månad etter at den er mottatt, og opplyse om eventuelle manglande dokument eller manglar ved søknaden. Godkjenningsstyresmakta skal ha ferdigbehandla søknaden innan tre månader etter at søknaden var komplett.

Gebyr: Mattilsynet krev ikkje gebyr for behandling av søknad om autorisasjon.

Klage på vedtak: Når godkjenningsstyresmakta har fatta eit vedtak, har du moglegheit til å klage på dette vedtaket etter reglane i forvaltningslova kapittel VI. Lovheimel for det aktuelle yrket:
FOR 1995-03-06 nr 239: Forskrift om kunstig sædoverføring hos husdyr utført av andre enn veterinær § 3.
FOR-2009-01-19-77 Forskrift om rett til å arbeide som dyrehelsepersonell eller seminpensjonell etter EØS-avtalen

Godkjenningsstyresmakt: Mattilsynet Region Sør og Vest, avdeling nasjonale oppgåver Felles postmottak, Postboks 383 2381 Brumunddal
E-post: postmottak@mattilsynet.no 
Telefon: 22 40 00 00
Assistansesenter: Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) 

Dersom du søkjer med utdanning frå Noregs miljø- og biovitskaplege universitet 

• Stadfesting på bestått utdanning, dersom du søkjer med utdanning frå land utanfor Noreg
• Stadfesting på bestått utdanning
• Skildring av dei ulike faga og omfanget av faga i utdanninga, og eventuelt yrkeserfaring, omsett til engelsk eller norsk

Trenger du hjelp?

Mattilsynet svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjemaet:
postmottak@mattilsynet.no
tlf: 22 40 00 00

Åpne kontaktskjema