Rekvisisjonen skal sendast Mattilsynet i tilstrekkeleg tid for eventuell kontroll av partiet. For fryste varer må det reknast naudsynt tid for kontroll av eventuelle tineprøver. Dersom varene ikkje er tilgjengeleg for inspeksjon kan Mattilsynet ikkje utstede attest.
Eksportattest for fisk kan rekvirerast når som helst.
Fiskeeksportørar, -speditørar.
Frå 17. april 2013 er det rolla «Primærnæring og næringsmidler» som gir tilgang til Mattilsynets skjematenester. Brukarar som allereie har rolla «Mattilsynet skjematenester» vil ha tilgang til tenesta gjennom denne rolla fram til 1. oktober 2013.
For å ha tilgang til tenesta etter 1. oktober 2013 må du ha rolla «Primærnæring og næringsmidler», eller tilgang via lokal rolle eller enkeltrett.
For å sjekke om du har riktig rolle eller enkeltrett for ein aktør, kan du bruke sida Tilgangsstyring.
Om du ikkje har rolla, må du få noen som har ho til å delegere ho til deg, eller gje deg rett via lokal rolle eller delegering av enkeltrettar.
Tenesta krev innlogging med ID-porten (tryggleiksnivå 3 eller høgare).
Heimelgrunnlag for attestutskriving. Utskriving av attestar og erklæringar føregår innanfor rammer av lover og forskrifter.
• Lov 2003-12-19-124 om matproduksjon og mattrygghet
• Kvalitetsforskrift nr. 667 av 14. 06. 1996 for fisk og fiskevarer §1-12
NB! Mattilsynet kan utstede attest på forhold som er beskrevet i forskriften, men er ikke forpliktet til å utstede attest.
• Lov av 10.02.1967 om behandlingsmåter i forvaltningssaker Forskrift nr. 406 av 13. 02. 2004 om betaling av gebyr for særskilte ytelser fra Mattilsynet.
• FOR-1998-12-23-1471 Importkontrollforskriften. Forskrift om tilsyn og kontroll ved import og eksport av næringsmidler og av produkter av animalsk opprinnelse innen EØS, og av ikke-animalske næringsmidler fra tredjeland (1998-12-23).
• Forskrift om gjennomføring av forordning (EF) nr. 136/2004 om fastsettelse av fremgangsmåtene for veterinærkontroller ved EØS grensekontrollstasjoner ved import av produkter fra tredjestater.
Tenesta krev at du nytter undereining til juridisk eining (bedriftsnummer). Undereining til juridisk eining får du fram ved å hake av i boksen for Vis også underenhet (bedrift) på sida for val av verksemd det skal rapporterast for.
Tenesta kan nyttast direkte frå Mattilsynet sin nettstad.
Mattilsynet svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjemaet:
postmottak@mattilsynet.no
tlf: 22 40 00 00