Registrering av gjødselvareverksemd
Tenesta skal brukast til å registrer eigen registreringspliktig gjødselvareverksemd hos Mattilsynet.
Når skal skjemaet brukast?
Tenesta blir brukt når personar eller bedrifter startar eller utvidar omfanget av produksjon og import av gjødselvarer. Etter regelverksendring i februar 2025 skal alle aktuelle verksemder bruke denne tenesta til å registrere noverande omfang sjølv om drifta har vore registrert frå før. Tenesta skal også brukast ved omsetning av visse gjødselvarer eller råvarer til gjødselvarer som er registreringspliktig etter nytt regelverk.
Kven skal bruke skjemaet?
Personar eller bedrifter som er omfatta av registreringsplikta i gjødselvareregelverket skal bruke denne tenesta.
Dette skjemaet er plassert i tilgangspakke “Varehandel”. Har du denne tilgangspakken frå før, så vil du også ha tilgang til dette skjemaet.
For å fylle ut og sende inn skjemaet for ein person eller verksemd/bedrift, må denne ha gitt deg fullmakt via Altinns tilgangsstyring. Sjå Altinn - Ny tilgangsstyring (beta).
Om du er dagleg leiar for føretak/undereining har du automatisk tilgang til å fylle ut og sende inn skjemaet. Privatpersonar har også automatisk rett til å representere seg sjølve på Altinn.
Dersom privatperson eller verksemd/bedrift ikkje ønskjer å gi ein person tilgang til alle skjema i ein tilgangspakke, så kan dei gi tilgang til skjemaet som ei enkeltteneste.
Kvifor skal skjemaet brukast?
Gjødselvareverksemder pliktar å registrere omfanget av drifta hos Mattilsynet via denne tenesta. Opplysningane blir brukte til å tilpasse rettleiing, planleggje risikobasert tilsyn og betre rapportering.
Mattilsynet har ei samleside for rettleiing for gjødsel, jord og dyrkningsmedier: https://www.mattilsynet.no/planter-og-dyrking/gjodsel-jord-og-dyrkingsmedier
Ring oss på 22 40 00 00 Opningstider: 09.00 til 11.00 og 12.00 til 15.00 (kvardagar).
Send e-post til postmottak@mattilsynet.no