Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Skjemaoversikt
  3. Mattilsynet
  4. Registrer plantevernmiddelverksemd

Registrer plantevernmiddelverksemd

Teneste for å registrere deg som forhandlar, importør eller produsent av plantevernmiddel. Det er ikkje registreringsplikt for forhandlarar som berre omset bruksferdige hobbypreparat.

Når skal skjemaet brukast?

Tenesta blir brukt når personar eller verksemder/føretak startar eller utvidar omfanget som forhandlar, importør eller produsent av plantevernmiddel. Endringar i registrerte opplysningar skal meldast inn snarast og seinast 3 veker etter at endringa har funne stad.

Vi opplyser om at forhandlarar i tillegg til å sende inn dette skjemaet må ha ein person med autorisasjon for å handtere plantevernmiddel, sjå Autorisasjonsbevis plantevernmiddel  .

Kven skal bruke skjemaet?

Personar eller bedrifter som er omfatta av registreringsplikta for import, produksjon eller omsetning av plantevermiddel.

Dette skjemaet er plassert i tilgangspakke “Varehandel”. Har du denne tilgangspakken frå før, så vil du også ha tilgang til dette skjemaet.  

For å fylle ut og sende inn skjemaet for ein person eller verksemd/bedrift, må denne ha gitt deg fullmakt via Altinns tilgangsstyring. Sjå Altinn - Ny tilgangsstyring (beta).  

Om du er dagleg leiar for føretak/undereining har du automatisk tilgang til å fylle ut og sende inn skjemaet. Privatpersonar har også automatisk rett til å representere seg sjølve på Altinn.  

Dersom privatperson eller verksemd/bedrift ikkje ønskjer å gi ein person tilgang til alle skjema i ein tilgangspakke, så kan dei gi tilgang til skjemaet som ei enkeltteneste. 

Kvifor skal skjemaet brukast?

Regelverket krev at du er registrert hos Mattilsynet om du importerer, produserer eller forhandlar plantevernmiddel. 

Opplysningane blir brukte til å tilpasse rettleiing, planleggje risikobasert tilsyn og betre rapportering.