Produksjon av tang, tare og andre algeprodukt
Skjema for å registrere produksjon av tang, tare og andre algeprodukt.
Dette gjeld deg som driv med vidare produksjon og pakking av innhausta tang og tare.
Skjemaet skal brukast av personar eller bedrifter/verksemder som startar med, eller utvidar omfanget av produksjon av tang, tare og andre algeprodukt.
Personar eller bedrifter/verksemder som er omfatta av registreringsplikta for produksjon av tang, tare og andre algeprodukt skal bruke skjemaet.
Dette skjemaet er plassert i tilgangspakke “Næringsmiddel, drikkevarer og tobakk”. Har du denne tilgangspakken frå før, så vil du også ha tilgang til dette skjemaet.
For å fylle ut og sende inn skjemaet for ein person eller verksemd/bedrift, må denne ha gitt deg fullmakt via Altinns tilgangsstyring. Sjå Altinn - Ny tilgangsstyring (beta).
Om du er dagleg leiar for føretak/undereining har du automatisk tilgang til å fylle ut og sende inn skjemaet. Privatpersonar har også automatisk rett til å representere seg sjølve på Altinn.
Dersom privatperson eller verksemd/bedrift ikkje ønskjer å gi ein person tilgang til alle skjema i ein tilgangspakke, så kan dei gi tilgang til skjemaet som ei enkeltteneste.
Det er ingen krav til vedlegg for dette skjemaet.
Det er eit krav i regelverket at du skal vere registrert hos Mattilsynet om du produserer mat av tang, tare og andre algeprodukt for omsetning. Mattilsynet skal også ha beskjed om vesentlege endringar i aktivitetar/omfang, og når verksemda blir lagd ned.
Opplysningane blir brukte til å tilpasse rettleiing, planleggje risikobasert tilsyn og forbetre rapportering.
Mattilsynet har ei samleside med informasjon om tang og tare til bruk som mat. Her finn du rettleiar om produksjon og omsetning av tang og tare som mat og rettleiing om registrering av verksemd.
Treng du hjelp?
Mattilsynet svarer på faglege spørsmål om skjemaet.
Ring oss på 22 40 00 00
Opningstider: 09.00 til 11.00 og 12.00 til 15.00 (kvardagar).
Send e-post til postmottak@mattilsynet.no