Nytt/endre dyrehald
Skjemaet skal brukast for å melde frå til Mattilsynet om nye og endra dyrehald, og for å søkje om løyve frå Mattilsynet til å etablere visse dyrehald.
Ved etablering av nytt dyrehald som krev løyve frå Mattilsynet, eller som er meldepliktig.
Ved endringar i dyrehaldet som for eksempel nye bygningar, vesentlege endringar i bygningar, nye produksjonsformer eller opphøyr av dyrehaldet.
Alle som vil halde dyr som er lista opp under, skal melde frå om dette til mattilsynet på førehand:
- Svin
- Storfe
- Småfe (sau og geit)
- Hestar
- Kamel, lama, alpakka
- Hjortedyr
- Strutsefugl
- Dyresamling og open gard
-
Framvising av dyr, medrekna dyreparkar, akvarium og framvising av dyr på midlertidige arrangement (NB! Sirkus og dyreparkar som skal vise fram dyr som ikkje står på lista i forskrift om velferd for dyr ved framvising, må søke Mattilsynet om løyve. Sjå lenger nede).
-
Midlertidig dyrehald og dyrehald for omsetning av dyr, medrekna dyrepensjonat og dyreforretning.
Endringar i slike dyrehald, for eksempel:
- oppføring av nye bygningar
- vesentlege endringar av bygningar
- nye produksjonsformer
- nye artar som skal visast fram, eller
- opphøyr av dyrehaldet
skal også meldast til Mattilsynet snarast.
For dyrehald som krev løyve eller godkjenning frå Mattilsynet, må det søkjast i skjema i god tid før oppstart slik at Mattilsynet har moglegheit til å behandle søknaden. Aktivitetar og andre forhold som krev løyve eller godkjenning, kan ikkje starte før Mattilsynet har gjeve lov til det.
Følgjande typar dyrehald krev løyve eller godkjenning frå Mattilsynet:
- Hestesenter, trenarstall, hestepensjonat og omsetning av meir enn 6 hestar i året
- Framvising av dyr på sirkus
- Framvising i dyrepark, inkludert besøksgård og kommersielle akvarier, av andre dyr enn dei som står på lista i forskrift om velferd
- Avlsverksemd
Alle meldepliktige dyrehald skal registrerast (sjå over).
Den som vil drive med dyrehald eller aktivitetar med dyr som krev godkjenning eller løyve frå Mattilsynet, kan søkje på dette skjemaet (sjå over).
For å ha tilgang til tenesta må du ha rolla Primærnæring og næringsmiddel, eller tilgang via lokal rolle eller enkeltrett.
Tenesta krev innlogging med ID-porten (sikkerheitsnivå 3 eller høgare).
Tenesta krev at du brukar undereining til juridisk eining (bedriftsnummer).
Undereining til juridisk eining får du fram ved å hake av i boksen for Vis også undereiningar (bedrift) på sida for val av verksemd det skal rapporterast for.
Skjemaet er utvikla for å melde om meldepliktige dyrehald, eller for å søke om løyve til eller godkjenning eller sertifisering av visse typar dyrehald.
Plikta til å melde frå til Mattilsynet om nye, eller endra, dyrehald, kjem fram i desse forskriftene:
- forskrift 22. april 2004 nr. 665 om hald av storfe § 26
- forskrift 18. februar 2005 nr. 160 om velferd for småfe § 12
- forskrift 18. februar 2003 nr. 175 om hald av svin § 28, jf. avgrensinga i § 2
- forskrift 2. juni 2005 nr. 505 om velferd for hest § 26
- forskrift 2. oktober 1998 nr. 951 om hald av strutsefugl § 18
- forskrift 11. august 2015 om omsetning og midlertidig hald av dyr § 3
- forskrift 5. september 2016 nr. 1035 om dyrevelferd ved fremvising av dyr § 4 første ledd, jf. kapittel 3
- forskrift 27. juni 20012 nr. 732 om tiltak mot sjukdomar og zoonotiske agens hos dyr § 10
- forskrift om dyrehelse (dyrehelseforskrifta) § 4, jf. forordning (EU) 2016/429
Krava om løyve til og godkjenning eller sertifisering av dyrehald følgjer av desse føresegnene:
- forskrift 2. juni 2005 nr. 505 om velferd for hest § 28
- forskrift 5. september 2016 nr. 1035 om dyrevelferd ved fremvisning av dyr § 4
- forskrift som utfyller dyrehelseforskrifta med reglar om landdyranlegg og rugerier og sporbarheit av landdyr og rugeegg (landdyrsporbarheitforskrifta)
- forskrift om dyrehelse (dyrehelseforskrifta) § 4, jf. forordning (EU) 2016/429
Saksbehandlingstid:
Søknadar om løyve til eller godkjenning av dyrehald blir vanlegvis behandla innan 1-3 månader.
Gebyr:
Behandling av søknadar om løyve til eller godkjenning av dyrehald kan vere belagde med gebyr etter forskrift 13. Februar 2004 nr. 406 om betaling av gebyr for særskilde ytingar frå Mattilsynet.
Klagerett:
Når Mattilsynet har fatta eit vedtak, har du moglegheit til å klage på dette vedtaket etter reglane i forvaltningslova kapittel VI.
Trenger du hjelp?
Mattilsynet svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjemaet:
postmottak@mattilsynet.no
tlf: 22 40 00 00