Frå 17. april 2013 er det rolla «Primærnæring og næringsmidler» som gir tilgang til Mattilsynets skjematenester. Brukarar som allereie har rolla «Mattilsynet skjematenester» vil ha tilgang til tenesta gjennom denne rolla fram til 1. oktober 2013.
For å ha tilgang til tenesta etter 1. oktober 2013 må du ha rolla «Primærnæring og næringsmidler», eller tilgang via lokal rolle eller enkeltrett.
For å sjekke om du har riktig rolle eller enkeltrett for ein aktør, kan du bruke sida Tilgangsstyring.
Om du ikkje har rolla, må du få noen som har ho til å delegere ho til deg, eller gje deg rett via lokal rolle eller delegering av enkeltrettar.
Tenesta krev innlogging med ID-porten (tryggleiksnivå 3 eller høgare).
Skjemaet gjelder søknad om registrering og ev. godkjenning i henhold til forskrift om fôrhygiene.
Skjemaet skal brukast av verksemder i fôrindustrien og husdyrhaldarar som blander fôr til eigen besetning med bruk av (reine) tilsetningsstoffer og/eller premiks. Informasjon om forskrift om fôrhygiene finnes på nettsidene til Mattilsynet under tema fôr.
For nokon typar verksemder er søknadshandsaminga gebyrbelagt. Du vil få varsel og informasjon om gebyr før du sender inn søknaden.
• Fôrvare - produksjon
• Fôrvare - omsetning
• Fôrvare - transport
• Fôrvare - frittstående lager
Tenesta krev at du nytter undereining til juridisk eining (bedriftsnummer). Undereining til juridisk eining får du fram ved å hake av i boksen for Vis også underenhet (bedrift) på sida for val av verksemd det skal rapporterast for.
Mattilsynet svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjemaet:
postmottak@mattilsynet.no
tlf: 22 40 00 00