Løyve til import og sal av settepoteter

Kvar som vil etablere og drive verksemd som settepotetforretning skal på førehand melde frå om dette til Mattilsynet. Dette gjeld òg for endringar og opphøyr av verksemd.

Melding om virksomhet - settepoteter

Om denne tenesta

Melding skal sendast til Mattilsynet der verksemda skal finne stad.

Ein kvar som vil etablere og drive verksemd som settepotetforretning.

Følgjande dokumentasjon skal vere lagt ved søknaden:

Kopi av firmaattest.
Kopi av vitnemål/attestar for fagleg leiar.

Formålet er å skaffe sortsekte settepoteter med best mogleg helse og kvalitet.

Bare settepotetforretningar kan importere, eksportere, omsetje eller drive kontraktproduksjon av settepoteter.

Eit unntak frå regelen omfattar forretningar (detaljistar) som utelukkande kjøper og omset vidare settepoteter som er ferdig pakka her i landet, eller som er innført ferdig pakket av ei settepotetforretning.

Dispensasjon frå forbodet mot omsetnad av ikkje-statskontrollerte settepoteter blir berre gjeve i særlege tilfelle for å sikre tilgjenget av settepoteter.

Forbodet gjeld ikkje for produsent ved sal av vare av eigen produksjon med mindre seljaren driv handel (auksjonssal eller anna offentleg sal) med vara.

Mattilsynet om sertifisering av settepoteter

Mattilsynet om import av planter og plantematerial

Kr​av til søkjar:

Kvar og ein som vil etablere og drive verksemd som settepotetforretning, laboratorium for in vitro - formeiring, prebasissenter eller drive avl av klasse prebasis, skal på førehand melde frå om dette til Mattilsynet. Meldinga skal gjevast på den måten Mattilsynet avgjer og innehalde naudsynte opplysningar om verksemda, under dette namn, adresse, føretaks- eller personnummer, driftsansvarleg, kva for aktivitetar verksemda skal omfatte og andre opplysningar som er naudsynte for å skildre verksemda si art og omfang. Endringar i desse opplysningane, under dette opphøyr av verksemd, skal meldast til Mattilsynet.

Krav til settepotetforretningar følgjer av forskrift om settepoteter vedlegg VIII.

Trenger du hjelp?

Mattilsynet svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjemaet:
postmottak@mattilsynet.no
tlf: 22 40 00 00

Åpne kontaktskjema