Dersom nokon som ikkje er veterinær skal inseminere husdyr i ei bestemd besetning må det på førehand søkjast løyve frå Mattilsynet.

Start teneste

Om denne tenesta

Stadfesting på bestått kurs som er godkjent av Noregs veterinærhøgskole og dokumentasjon på størrelsen på besetninga må vere vedlagt søknaden.

Kriterium/vilkår:

Det blir stilt krav til opplæring som er godkjent av Noregs veterinærhøgskole og størrelse på besetning.

For storfe er det krav om  besetning med minst 50 førstegongsinsemineringar i året.

Saksbehandlingsfristar:

Mattilsynet skal stadfeste mottaket av søknaden din innan ein månad etter at den er motteken, og informere om eventuelle manglande dokument eller manglar ved søknaden.

Mattilsynet skal ha ferdigbehandla søknaden innan tre månader etter at søknaden var komplett.

Gebyr:

Mattilsynet krev ikkje gebyr for behandling av søknad om godkjenning.

Klage på vedtak:

Når Mattilsynet har fatta eit vedtak har du moglegheit til å klage på dette vedtaket i samsvar med reglane i forvaltningslova kapittel VI.

Trenger du hjelp?

Mattilsynet svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjemaet:
postmottak@mattilsynet.no
tlf: 22 40 00 00

Åpne kontaktskjema