Verksemder som er registrert som produsent av det nevnte fôret, skal sende inn skjema sjølv om det ikkje er produsert fôr i rapporteringsåret. Mattilsynets distriktskontor handsamar saka.
Frå 17. april 2013 er det rolla «Primærnæring og næringsmidler» som gir tilgang til Mattilsynets skjematenester. Brukarar som allereie har rolla «Mattilsynet skjematenester» vil ha tilgang til tenesta gjennom denne rolla fram til 1. oktober 2013.
For å ha tilgang til tenesta etter 1. oktober 2013 må du ha rolla «Primærnæring og næringsmidler», eller tilgang via lokal rolle eller enkeltrett.
For å sjekke om du har riktig rolle eller enkeltrett for ein aktør, kan du bruke sida Tilgangsstyring.
Om du ikkje har rolla, må du få noen som har ho til å delegere ho til deg, eller gje deg rett via lokal rolle eller delegering av enkeltrettar.
Tenesta krev innlogging med ID-porten (tryggleiksnivå 3 eller høgare).
Rapporteringen gjev grunnlag for innkreving av avgift etter § 10 i FOR 2004-01-28 nr 221: forskrift om avgifter og gebyr i matforvaltningen.
Dette er eit skjema for innrapportering av produsert mengde fôr til selskapsdyr og pelsdyr.
Tenesta krev at du nytter undereining til juridisk eining (bedriftsnummer). Undereining til juridisk eining får du fram ved å hake av i boksen for Vis også underenhet (bedrift) på sida for val av verksemd det skal rapporterast for.
Mattilsynet svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjemaet:
postmottak@mattilsynet.no
tlf: 22 40 00 00