Frå 17. april 2013 er det rolla «Primærnæring og næringsmidler» som gir tilgang til Mattilsynets skjematenester. Brukarar som allereie har rolla «Mattilsynet skjematenester» vil ha tilgang til tenesta gjennom denne rolla fram til 1. oktober 2013.
For å ha tilgang til tenesta etter 1. oktober 2013 må du ha rolla «Primærnæring og næringsmidler», eller tilgang via lokal rolle eller enkeltrett.
For å sjekke om du har riktig rolle eller enkeltrett for ein aktør, kan du bruke sida Tilgangsstyring.
Om du ikkje har rolla, må du få noen som har ho til å delegere ho til deg, eller gje deg rett via lokal rolle eller delegering av enkeltrettar.
Tenesta krev innlogging med ID-porten (tryggleiksnivå 3 eller høgare).
Dette skjemaet vert brukt til å registrere import av næringsmiddel. Før du melder import av næringsmiddel, må du vere registrert som importør. For å registrere deg som importør brukar du skjemaet Ny importør av næringsmiddel, i skjematenesta.
Tenesta krev at du nytter undereining til juridisk eining (bedriftsnummer). Undereining til juridisk eining får du fram ved å hake av i boksen for Vis også underenhet (bedrift) på sida for val av verksemd det skal rapporterast for.
Mattilsynet svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjemaet:
postmottak@mattilsynet.no
tlf: 22 40 00 00