Godkjenning av verksemder som vil marknadsføre økologiske produkt

Verksemder som ønskjer å drive aktivitetar som er omfatta av registrerings- og kontrollordninga for økologisk produksjon skal søkje om sertifisering hos Debio.

Finn skjemaet på debio.no

Om denne tenesta

Ved ønske om produksjon eller omsetning av økologisk mat og/eller fôr.

Undervegs i utfyllinga av søknaden får du nødvendig rettleiing om registreringa.
Ved behov for assistanse kan du kontakte Debio på tlf. 63 86 26 50 eller på e-post kontor@debio.no

Kriterier/vilkår:

Godkjenning blir gitt av Debio når aktivitetane er i tråd med reglane for økologisk produksjon.

Gebyr: 

Det er knytt gebyr til søknadsbehandlinga, jf forskrift om betaling av gebyr for særskilde ytingar frå Mattilsynet, vedlegg 1. Gebyret for innmelding i kontrollordninga for verksemder som vil marknadsføre økologiske produkt blir justerte årleg. Gebyret er for tida 1700 kr. I tillegg til innmeldingsgebyret er det årlege gebyr fastsett i økologiforskrifta § 21-24 for alle verksemder som er tilknytte Debio. Størrelsen på desse gebyra avheng av kva for aktivitetar verksemda di driv med.

Saksbehandlingstid:

Saksbehandlingstida kan variere. Du bør derfor kontakte Debio direkte for å få vite saksbehandlingstida på det aktuelle tidspunktet du sender inn søknaden.

Klagerett:

Du kan klage på vedtaket du får frå Debio dersom du ønsker. Eventuelle klager sendast til Debio, og vert handsama av Mattilsynets klagesakseining.

Merknader:

Det brukast andre skjema i saksbehandlinga for denne løyveordninga. Andre skjema er:
- Driftsbeskriving, revisjonsrapport og registreringsskjema for areal og husdyr m.fl.

Kontaktinformasjon

Debio
Østre Blixrudvei 7
1940 Bjørkelangen

e-post: kontor@debio.no

Telefon: 63 86 26 50 (man–fre 10.00 - 15.00)

Åpne kontaktskjema