Verksemder som ønskjer å produsere medisinfôr eller mellomprodukt treng løyve frå Mattilsynet. Legg merke til at medisinfôr berre omfattar produksjon av fôrblandingar og mellomprodukt med premiks med marknadsføringsløyve frå Direktoratet for medisinske produkt for bruk i medisinfôr. All annan produksjon av fôr med legemiddel krev tilverkarløyve frå Direktoratet for medisinske produkt.
Du finn søknadsskjema gjennom Mattilsynet sine skjematenester i Altinn. Du finn utfyllande informasjon om kva som må leggjast ved søknaden når du fyller ut dette skjemaet.
Godkjenning blir gitt når aktivitetane er i samsvar med reglane for produksjon av medisinfôr.
Gebyr:
Det er knytt gebyr til søknadsbehandlinga, jf. forskrift om betaling av gebyr for særskilde ytingar frå Mattilsynet, vedlegg 1. Gebyret for godkjenning av verksemd som skal produsere medisinfôr er for tida kr 13.600.
Klagerett:
Du kan klage på vedtaket. Skjema for klage vil følgje med vedtaksbrevet.
Mattilsynet svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjemaet:
postmottak@mattilsynet.no
tlf: 22 40 00 00