For å ha tilgang til tenesta må du ha rolla Primærnæring og næringsmiddel, eller tilgang via lokal rolle eller enkeltrett.
Tenesta krev innlogging med ID-porten (tryggleiksnivå 3 eller høgare).
Dette skjemaet kan brukast for å legge inn endringar om vatnforsyningssystemet. Skjemaet skal også brukast for å korrigere statiske opplysningar om vatnforsyningssystemet i samband med årleg innrapportering. I tillegg skal skjemaet brukast for å søkje godkjenning for eit vatnforsyningssystem som allereie eksisterer og som Mattilsynet har registrert, men som ikkje har godkjenning. Anten fordi det ikkje har vore søkt om godkjenning eller fordi vatnforsyningssystemet har endra karakter frå meldepliktig til godkjenningspliktig.
Tenesta krev at du nytter undereining til juridisk eining (bedriftsnummer). Undereining til juridisk eining får du fram ved å hake av i boksen for Vis også underenhet (bedrift) på sida for val av verksemd det skal rapporterast for.
Mattilsynet svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjemaet:
postmottak@mattilsynet.no
tlf: 22 40 00 00