Teneste for å søkje om autorisasjon eller lisens for veterinær assistentteneste frå Mattilsynet.

Du må ha autorisasjon eller lisens for veterinær assistentteneste frå Mattilsynet før du kan praktisera (arbeida) som veterinær i Noreg.

Dyrehelsepersonell: Slik søker du om autorisasjon og lisens | Mattilsynet

Start teneste

Om denne tenesta

Skjemaet skal brukes av deg som ønsker å praktisere som veterinær i Norge og trenger autorisasjon eller lisens for dette.

Søknaden kan kun sendes inn av yrkesutøver/enkeltpersoner til Mattilsynet.


Følgjande dokumentasjon skal vere vedlagt søknaden:

Vitnemål eller annen dokumentasjon frå lærestad som klart viser at tilstrekkeleg utdanning er gjennomført, alternativt kvalifikasjonsbevis/-sertifikat frå offentleg kompetent myndigheit (autorisasjonsdokument).

Dokumentasjon som viser fødselsdato og personnummer, eventuell namneendring og statsborgarskap.

Det er krav om særskilde vedlegg for:

Søkjarar som har tatt utdanning i utlandet for meir enn eitt år sidan.

Søkjarar som har teke utdanning i land utanfor EU/EØS må leggje ved:

Beskriving av dei forskjellige faga og omfanget av faga i utdanninga, omsett til engelsk eller norsk.

Uttale frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse; "Generell godkjenning av utanlandsk høgare utdanning"

For meir informasjon om særskilde vilkår sjå Mattilsynet sin nettstad.

Det er eit krav i regelverket at du må autorisasjon eller lisens frå Mattilsynet for å praktisera som veterinær i Noreg.

LOV 2001-06-15 nr 75: Lov om veterinærer og annet dyrehelsepersonell § 4.

FOR 2009-01-19 nr 77: Forskrift om rett til å arbeide som dyrehelsepersonell eller seminpersonell etter EØS-avtalen § 2-1.

Kriterium/vilkår:

Tilstrekkeleg utdanning i Noreg (NVH), EU-dokumentert utdanning, eller utdanning frå tredjeland som er fagleg tilsvarande den norske.
Søkjar må vere under 75 år.
Søkjar må vere skikka.

Saksbehandlingsfristar:

Ved etablering

Mattilsynet skal stadfeste mottaket av søknaden din innan ein månad etter at den er motteken, og informere om eventuelle manglande dokument eller manglar ved søknaden.
Mattilsynet skal ha ferdigbehandla søknaden innan tre månader etter at søknaden var komplett.

Ved førebels tenesteyting:

Du kan utøve yrket førebels etter at du har sendt førehandsmelding med naudsynte dokument til godkjenningsstyresmakta.

Gebyr:

Mattilsynet krev ikkje gebyr for behandling av søknad om godkjenning.

Klage på vedtak:

Når Mattilsynet har fatta eit vedtak har du moglegheit til å klage på dette vedtaket i samsvar med reglane i forvaltningslova kapittel VI.

Treng du hjelp?

Godkjenningsmyndighet:

Mattilsynet
Region Sør og Vest, avdeling nasjonale oppgaver,
Felles postmottak, Postboks 383
2381 Brumunddal

E-post: postmottak@mattilsynet.no
Telefon: 22 40 00 00

Åpne kontaktskjema