Teneste for å søkje om autorisasjon som dyrepleiar frå Mattilsynet.
Du må ha autorisasjon frå Mattilsynet før du kan praktisera (arbeida) som dyrepleiar i Noreg
Dyrehelsepersonell: Slik søker du om autorisasjon og lisens | Mattilsynet
Start tenesteSkjemaet skal brukast av deg som ønskjer å praktisera som dyrepleiar i Noreg og treng autorisasjon for dette.
Søknaden kan berre sendast inn av yrkesutøvar/enkeltpersonar til Mattilsynet.
Vitnemål eller anna dokumentasjon frå lærestad som klart viser at tilstrekkeleg utdanning er gjennomført, alternativt kvalifikasjonsbevis/-sertifikat frå offentleg kompetent myndigheit (autorisasjonsdokument).
Dokumentasjon som viser fødselsdato og personnummer, eventuell namneendring og statsborgarskap.
Søkarar som har teke utdanning i utlandet for meir enn eitt år sidan.
Beskriving av dei forskjellige faga og omfanget av faga i utdanninga, omsett til engelsk eller norsk.
For meir informasjon om særskilde vilkår sjå nettstaden til Mattilsynet.
Det er eit krav i regelverket at du må autorisasjon eller lisens frå Mattilsynet for å praktisera som dyrepleiar i Noreg.
LOV 2001-06-15 nr 75: Lov om veterinærer og annet dyrehelsepersonell § 4.
Tilstrekkeleg utdanning i Noreg (NVH), EU-dokumentert utdanning, eller utdanning frå tredjeland som er fagleg tilsvarande den norske.
Søkar må vere under 75 år.
Søkar må vere skikka.
Mattilsynet skal stadfeste mottaket av søknaden din innan ein månad etter at den er motteken, og informere om eventuelle manglande dokument eller manglar ved søknaden.
Mattilsynet skal ha ferdigbehandla søknaden innan tre månader etter at søknaden var komplett.
Du kan utøve yrket førebels etter at du har sendt førehandsmelding med naudsynte dokument til godkjenningsstyresmakta.
Mattilsynet krev ikkje gebyr for behandling av søknad om godkjenning.
Når Mattilsynet har fatta eit vedtak har du moglegheit til å klage på dette vedtaket i samsvar med reglane i forvaltningslova kapittel VI.
Godkjenningsmyndighet:
Mattilsynet
Region Sør og Vest, avdeling nasjonale oppgaver,
Felles postmottak, Postboks 383
2381 Brumunddal
E-post: postmottak@mattilsynet.no
Telefon: 22 40 00 00