Om denne tenesta

Innleveringsfrekvens
Talet på småfe skal rapporterast årleg.


Innleveringsfrist
Krav til innrapportering av talet på småfe pr 1/1: Talet på dyr og dato for teljinga skal registrerast i dyrehaldjournalen og rapporterast til Mattilsynet innan 30 dagar etter fristen for teljing.

Småfehaldarar skal innrapportere talet på småfe i dyrehaldet pr 1/1 kvart år. Dei som søkjer Statens Landbruksforvaltning (SLF) om produksjonstilskot slepp å rapportere her - tala frå SLF vert ført over til Mattilsynet.

Frå 17. april 2013 er det rolla «Primærnæring og næringsmidler» som gir tilgang til Mattilsynets skjematenester. Brukarar som allereie har rolla «Mattilsynet skjematenester» vil ha tilgang til tenesta gjennom denne rolla fram til 1. oktober 2013.

For å ha tilgang til tenesta etter 1. oktober 2013 må du ha rolla «Primærnæring og næringsmidler», eller tilgang via lokal rolle eller enkeltrett.

For å sjekke om du har riktig rolle eller enkeltrett for ein aktør, kan du bruke sida Tilgangsstyring.

Om du ikkje har rolla, må du få noen som har ho til å  delegere ho til deg, eller gje deg rett via lokal rolle eller delegering av enkeltrettar.

Tenesta krev innlogging med ID-porten (tryggleiksnivå 3 eller høgare).

FOR 2005-11-30 nr 1356: Forskrift om merking, registrering og rapportering av småfe

Tenesta erstattar deler av Husdyrregisteret
• skjema for årleg innrapportering av talet på småfe

Følgjande har eigne skjema:
• Flyttemelding for svin mellom dyrehald og til slakteri
• Tenesta flytting av småfe er ny
• Individregisteret for storfe i Husdyrregisteret
• Dyrehaldjournal for småfe, sau og geit – frivillig skjema

Ved oppstart av nytt storfehald eller småfehald, eller endringar i dyrehalda som ny/ombygd driftsbygning, skal skjemaet nytt eller endra dyrehald brukast.

Tenesta krev at du nytter undereining til juridisk eining (bedriftsnummer). Undereining til juridisk eining får du fram ved å hake av i boksen for Vis også underenhet (bedrift) på sida for val av verksemd det skal rapporterast for.

Trenger du hjelp?

Mattilsynet svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjemaet:
postmottak@mattilsynet.no
tlf: 22 40 00 00

Åpne kontaktskjema