Konsesjon for å anlegge, drive eller inneha landingsplass

Den som vil anlegge, inneha eller drive ein landingsplass, må ha konsesjon frå luftfartsmyndigheita.

Om denne tenesta

Søknad skal sendast til Luftfartstilsynet.

Han som vil anlegge, drive eller inneha landingsplass for luftfartøy.

Krav om vedlegg er skildra i forskrift av 11.januar 2007 nr. 40 om konsesjon for landingsplassar. (BSL E 1-1)

Konsesjonen regulerer rammevilkåra for å inneha og drive landingsplassen og er meint å vareta allmenne omsyn.

LOV 1993-06-11 nr 101: Lov om luftfart (luftfartsloven)

 

FOR 2007-01-11 nr 40: Forskrift om konsesjon for landingsplasser (BSL E 1-1)

Den som vil anlegge, inneha eller drive ein landingsplass, må ha konsesjon frå luftfartsmyndigheita.

Konsesjon må vere godkjent før arbeidet med å anlegge landingsplassen blir påbyrja. Dersom landingsplassen tidlegare er anlagt og bruken skal takast opp igjen, skal konsesjonen vere gjeve før landingsplassen blir teke i bruk.

Konsesjon blir gitt dersom anlegginga/drifta av landingsplassen ikkje er i strid med allmenne omsyn. For å kunne ta stilling til dette blir søknaden sendt på høyring til lokale styresmakter; kommune og Statsforvaltar. I enkelte tilfelle utvider ein krinsen av høyringsinstansar til fleire kommunar og til fylkeskommunen.

Krav til søkjar: 

Han som søkjer konsesjon må inneha eksklusiv rett til å nytte området som landingsplass. Konsesjon for landingsplass til offentleg bruk blir gitt som hovudregel for eit tidsrom på 20 år. Konsesjon for landingsplass til privat bruk blir gitt som hovudregel for eit tidsrom på 10 år.

Forskrift om gebyr til Luftfartstilsynet mm. blir justert årleg.

Åpne kontaktskjema