Verkstadar som skal halde ved like flymateriell treng autorisasjon frå Luftfartstilsynet før dei kan starte verksemda si. Her finn du informasjon om søknaden og vilkår for autorisasjonen.
Finn skjemaet på luftfartstilsynet.noSøknadsskjema sendast til Luftfartstilsynet.
Følgjande dokumentasjon skal vere vedlagt søknaden:
Søkarens fulle namn, firmaattest, firmanamn og adresse.
Utdanning og praksis for verkstadsjef.
Oversikt over anna personell.
Den type autorisasjon ein søkjer godkjenning for.
Lokalet si utforming.
Eige- eller leieforhold av lokale.
Verkstadhandbok.
Luftfartstilsynet utferdar autorisasjonsbevis til autorisert verkstad som kan omfatte følgjande rettar på luftfartøy:
Klargjering og ettersyn av luftfartøy i samband med utferding av luftdyktigheitsbevis.
Ettersyn i samband med laupande luftdyktigheit.
Spesielle inspeksjonar.
Mindre og større reparasjonar, mindre og større modifikasjonar, og overhaling av flymateriell, jf. vedlegg 1 til forskrift om autoriserte verkstader. Reparasjon og modifikasjon skal utførast på grunnlag av godkjent dokumentasjon og med bruk av flymateriell.
Kriterium/vilkår:
Det blir stilt krav til registrering i Føretaksregisteret og krav til lokale, flymateriell og utstyr før tillating blir gjeve.
Meir informasjon om krava går fram av forskrift om autoriserte verkstader.
Merknader:
Det er knytte gebyr til søknadsbehandlinga.
Autorisasjonen er ikkje tidsavgrensa, men kan bli kalla tilbake, bli avgrensa eller suspenderast.
Gebyr må betalast i samsvar med gjeldande forskrift 18. februar 2011 nr 185 om gebyr til Luftfartstilsynet mv.
Luftfartstilsynet
Postboks 243
8001 BODØ
E-post: postmottak@caa.no
Telefon: 75 58 50 00
Besøksadresse:
Sjøgata 45–47
8006 BODØ