Tilskot til veterinærreiser
Veterinærar kan, på vegne av føretak som tilbyr veterinærtenester, søkje om tilskot til veterinærreiser gjennom ei eiga teneste for dette i Dyrehelseportalen.
Når skal skjemaet brukast?
Skjemaet skal brukast til å søkje om tilskot til veterinærreiser frå Statsforvaltaren og refusjon frå Geno.
Fristen for å søkje er 90 dager etter at reisa det vert søkt om tilskot for, er gjennomført.
Kven skal bruke skjemaet?
Det er veterinærane som har føreteke reisa, som søkjer. Veterinærane søkjer på vegne av føretaket dei var på reise for.
Kvifor skal skjemaet brukast?
Reiseopplysningar som veterinærane sender inn, blir nytta både til berekning av reisetilskot frå Statsforvaltaren og refusjon frå Geno. Veterinærane som reiser, må derfor registrere reiseopplysningar i Dyrehelseportalen for å få tilskot og refusjon.
Du finn reglar om vilkåra som må vere oppfylte for å kunne få reisetilskot frå Statsforvaltaren og pliktene tilskotsmottakar har, i forskrift om tilskudd til veterinærreiser.