Tilskot til uttak av prøver frå fallvilt for å kartleggje skrantesjuke (CWD)
Her kan kommunar søkje Landbruksdirektoratet om tilskot til skrantesjukeprøver tekne av fallvilt av hjortevilt.
Kven skal bruke skjemaet?
Kommunar som har registrert fallvilt av hjortevilt i Hjorteviltregisteret og sendt inn skrantesjukeprøve til Veterinærinstituttet. Prøvesvar frå Veterinærinstituttet må vere kopla til registreringa i Hjorteviltregisteret.
Krav til innsendar
For å kunne fylle ut dette skjemaet, må du ha rolla «primærnæring og næringsmiddel» eller ha enkeltrett til tenesta. Alle føretak i Noreg har éin eller fleire personar med rolla «primærnæring og næringsmiddel».
For å sjekke om du har rett rolle eller enkeltrett, kan du logge inn i Altinn og sjå under menypunktet Profil | Skjema og tenester du har rettar til. Om du ikkje har rett rolle eller enkeltrett, må du få nokon som har delegeringsrett til å delegere ho til deg. Sjå hjelpesidene til Altinn for rettleiing om roller og rettar.
Tenesta krev innlogging med tryggleiksnivå 3 eller høgare.
Refusjon
Det blir gitt tilskot på 500 kr per CWD-prøve og 300 kr per kjeve. Berre kommunar som er inviterte av NINA til å vere med i kartlegging av alder på fallvilt, skal sende inn kjevar.
Kva skal eg gjere i skjemaet?
Logg inn med ID-porten og kontroller at alle opplysningar stemmer. Vel kommunen som du skal søkje tilskot på vegner av. Skal du søkje om tilskot på vegner av fleire kommunar, må du levere éin søknad per kommune. Talet på registrerte prøver blir henta automatisk frå Hjorteviltregisteret.