Tilskotsordninga skal bidra til å gi barn og unge auka forståing for berekraftig bruk av utmarksressursane. Ordninga skal under dette leggja vekt på å fremja jaktbasert friluftsliv og vilt som ein haustbar ressurs.

Start teneste

Om denne tenesta

Sentral- eller fylkesleddet i frivillige organisasjonar eller sentrale institusjonar for barn og unge som er registrerte i Einingsregisteret kan søkja og få tilskot etter denne ordninga.

For å kunne fylla ut skjemaet, må du ha rolla «Primærnæring og næringsmidler» eller ha enkeltrett til tjenesta. Alle føretak i Noreg har ein eller fleire personar med rolla «Primærnæring og næringsmidler».

For å sjekka om du har riktig rolle eller enkeltrett, kan du logga inn i Altinn og sjå under menypunktet "Profil | Skjema og tenestar du har rett til". Om du ikkje har riktig rolle eller enkeltrett, må du få nokon som har delegeringsrett til å delegera rolla til deg. Sjå Altinn si hjelpesider for rettleiing om roller og rettar.

Tenesta krev innlogging med tryggingsnivå 3 eller høgare.

I skjemaet skal grunnopplysningar, beskriving av tiltaket og budsjett med finansieringsplan blir lagd inn. Det er også moglegheit til å laste opp aktuelle vedlegg.

Landbruksdirektoratet behandlar berre søknader som er leverte via dette skjemaet.

Søknadsskjema opnar for søknader rundt 1. desember med søknadsfrist 15. januar det etterfølgjande året.

Trenger du hjelp?

Ta kontakt med Landbruksdirektoratet.

Åpne kontaktskjema