Ordninga er aktuell for jordbruksføretak som oppfyller vilkåra for å få produksjonstilskot og/eller avløysartilskot, og veksthusføretak som driv innandørs dyrking av følgjande vekstar som skal omsetjast i marknaden: grønsaker, frukt, bær, krydderurter og medisinske urter, blomar og prydplanter, planteskulevekstar medrekna skogplanter, eller ungplanter av blomar, prydplanter, frukt, bær og grønsaker for utplanting på friland og for sal. I tillegg gjeld ordninga for lag eller andre samanslutningar som driv vatning av jordbruksareal som vert disponert av minst to jordbruksføretak, og som har straumutgifter til vatning av jordbruksareal i perioden april til og med oktober.
Det er Landbruksdirektoratet som utbetaler støtta.
Du kan lese meir om ordninga og vilkåra for å få støtta på Landbruksdirektoratet si nettside.
Landbruksdirektoratet si personvernfråsegn.
Start tenesteFøremålet med forskrifta er å bidra til å halde oppe norsk matproduksjon i jordbruket og produksjon i veksthus gjennom å kompensere for deler av dei ekstraordinære straumutgiftene til føretaket.
For jordbruksføretak og veksthusføretak gjeld ordninga straumforbruk i perioden frå og med april 2022 og så lenge ordninga varer. For vatningslag gjeld ordninga likevel berre for straumforbruk i månadene frå og med april til og med oktober.
Jordbruksføretak kan få støtte for straumutgifter til føretaket sin jordbruksproduksjon, og for straumforbruk til hushald som ikkje gir rett til støtte gjennom straumstøtteordninga for hushald.
Føretaket må disponere husdyr og/eller disponere og drive jordbruksareal aktivt for å kunne få støtte etter ordninga. Dersom eit jordbruksføretak leiger produksjon/lokalar og areal til å drive jordbruksproduksjonen, skal dette føretaket søke om straumstøtte sjølv om det ikkje er eigar av målepunktet som er knytt til drifta.
Veksthusføretak kan få støtte for straumutgifter til dyrking av følgjande vekstar som skal omsetjast i marknaden: grønsaker, frukt, bær, krydderurter og medisinske urter, blomar og prydplanter, planteskulevekstar medrekna skogplanter, eller ungplanter av blomar, prydplanter, frukt, bær og grønsaker for utplanting på friland og for sal.
Alle målepunkta som er knytt til dyrkinga, skal registrerast i søknaden om straumstøtte. Veksthusføretak må som hovudregel vere eigar av målepunktet/målepunkta for å kunne få støtte.
Vatningslag kan få støtte for straumutgifter til vatning av jordbruksareal.
Vatningslag må som hovudregel vere eigar av målepunktet/målepunkta for å kunne få støtte.
I søknadsskjemaet skal føretaka oppgi målepunktet/målepunkta med forbruk som gir rett til støtte. Kontroller at du fyller ut korrekt målepunkt-ID er korrekt i søknaden. Målepunkt-ID må vere riktig for at utbetalingane skal bli riktige. Veksthusføretak og vatningslag skal i tillegg oppgi forbruket sitt per målepunkt per månad, og faktiske straumkostnader per målepunkt per månad.
Føretaka plikter å melde ifrå om endringar som har tyding for straumstøttesøknaden og utbetalinga av straumstøtte.
For å kunne sende inn søknadsskjemaet, må du ha rolla «Primærnæring og næringsmiddel» eller ha enkeltrett til tenesta. Alle føretak i Noreg har éin eller fleire personar med rolla «Primærnæring og næringsmiddel».
For å sjekke om du har riktig rolle eller enkeltrett, kan du logge inn i Altinn og sjå under menypunktet «Profil | Skjema og tenester du har rett til». Om du ikkje har riktig rolle eller enkeltrett, må du få nokon som har delegeringsrett til å delegere rolla til deg.
Jordbruksføretak som ønskjer straumstøtte, treng berre å sende inn søknadsskjemaet éin gong for heile perioden det vert gitt straumstøtte. Føretaket kan få støtte for dei siste seks kalendermånadane før månaden for registrering. Landbruksdirektoratet utbetaler støtte månadleg.
Jordbruksføretak kan òg nytta denne tenesta for å avslutte eller endre straumstøttesøknaden.
Veksthusføretak som ønskjer straumstøtte, skal sende inn éin søknad for kvart kvartal. Landbruksdirektoratet utbetaler støtte løpande.
Føretaket må ha søkt innan:
31. mai for støtte for første kvartal i same år (januar–mars)
31. august for støtte for andre kvartal i same år (april–juni)
30. november for støtte for tredje kvartal i same år (juli–september)
28. februar (29. i skotår) for støtte for fjerde kvartal året før (oktober–desember)
Veksthusføretak som ønskjer å endre på søknaden, må først trekkje søknaden og deretter levere ein ny og oppdatert søknad.
Vatningslag som ønskjer straumstøtte, skal sende inn éin søknad for perioden april–juni, og éin søknad for perioden juli–oktober. Landbruksdirektoratet utbetaler støtte løpande.
Føretaket må ha søkt innan:
30. september for støtte for første periode (april–juni)
31. desember for støtte for andre periode (juli–oktober)
Vatningslag som ønskjer å endre på søknaden, må først trekkje søknaden og deretter levere ein ny og oppdatert søknad.