Når ein eigedom er omfatta av konsesjonsplikt, må ny eigar innhente løyve for å overta eigedommen. Søknad om konsesjon skal sendast kommunen der eigedommen ligg innan fire veker etter at avtalen om overdraginga vart inngått eller erververen fekk rådvelde over eigedommen.
Landbruksdirektoratet om konsesjon
Finn skjemaet på landbruksdirektoratet.noAlle som skal erverva konsesjonspliktig fast eigedom.
Skøyte, kjøpekontrakt, leigekontrakt eller annan avtale og takst skal leggjast ved i original eller stadfesta avskrift i den utstrekninga slike dokument finst.
Gjeld ervervet landbrukseigedom, skal skogbruksplan leggjast ved såframt ein slik plan finst.
Formålet med konsesjon er å halde kontroll med erverv av konsesjonspliktig fast eigedom og lette tinglysningsdommaren sin kontroll ved tinglysning av konsesjonsfrie erverv av fast eigedom.
Lov om konsesjon ved erverv av fast eiendom (konsesjonsloven) mv.
Delegering av myndighet til Landbruksdepartementet etter konsesjonsloven
Konsesjonssøkjaren skal betale gebyr, med mindre konsesjonssøkjaren erverva konsesjonsfritt på grunn av slektskap eller odel, og søkjer konsesjon fordi han ikkje skal oppfylle buplikta. Gebyret blir fastsett av kvar enkelt kommune. Kommunen kan gi nærare opplysningar om gebyret.