Rapporteringa gjeld for foredlingsføretak som mottek mjølk direkte frå produsent, nyttar den til lokal foredling og omset produkta lokalt.
Du finn meir informasjon om ordninga på www.landbruksdirektoratet.no, under fana «Produksjon og marked».
Start tenesteRapporteringsskjemaet skal brukast av foredlingsføretak som har omsett mjølkeprodukt etter lokal foredling.
For å kunne representere eit føretak ved bruk av denne tenesta må du ha primærnæring- og næringsmiddelrolla. Meir informasjon om rolletildeling finn du på nettsida til Altinn.
På Landbruksdirektoratet sine nettsider kan du lese meir om lokal foredling av mjølk og finne brukarrettleiing til skjemaet. Du finn også informasjon og lenker til aktuelle forskrifter.
Rapporteringsskjemaet fungerer som søknad om tilskot for mjølka som er nytta, og som grunnlag for innkreving av avgifter for den same mjølka. Det er mjølkeprodusenten som mottek tilskot og betaler avgifter.
Foredlingsføretaket får tilgang til:
1. februar er rapporteringsfrist for omsett mjølkeprodukt føregåande kalenderår. Rapportering etter 1. februar gir som hovudregel ikkje rett til tilskot, men er likevel grunnlag for innkreving av avgifter.
15. april, 15. juli og 15. oktober er frivillige fristar for dei som ønsker utbetaling av tilskot oftare enn ein gong i året. Landbruksdirektoratet avreknar tilskot og avgifter etter at fristen er ute.
Kontakt Landbruksdirektoratet dersom du har spørsmål angående skjemaet:
Tlf: 78 60 60 00
E-post: marte.eriksen.giaver@landbruksdirektoratet.no