Tilskot og erstatning frå Landbruksdirektoratet, blant anna produksjonstilskot, regionalt miljøtilskot og naturskadeerstatning, vert utbetalt til dette bankkontonummeret.
Start tenesteKontonummeret kan endrast etter at søknaden er send. For produksjonstilskot og regionalt miljøtilskot, herunder tilskot til drift av beitelag (OBB), må endringa vera gjord seinast 31. januar året etter søknaden vart levert for at tilskotet skal verta betalt ut til det nye kontonummeret.
Alle føretak som søkjer om tilskot eller erstatning via Landbruksdirektoratet sine løysingar kan endra bankkontonummeret sitt med dette skjemaet.
For å fylla ut dette skjemaet må du representera eit føretak i Altinn.
For å ha tilgang til tenesta må du ha rolla «Primærnæring og næringsmiddel» eller enkeltrett til tenesta.
For å sjekka om du har riktig rolle eller enkeltrett for ein aktør, kan du sjå under menypunktet «Profil» (vel «Skjema og tenester du har rett til»). Om du ikkje har riktig rolle eller enkeltrett, må du få nokon som har delegeringsrett til å delegera retten til deg.
Tenesta krev innlogging med tryggleiksnivå 3 eller høgare. Du skal blant anna kunna bruka kodebrev frå Difi.
Skjemaet skal brukast til å registrera og endra kontonummer som skal brukast ved utbetaling av tilskot og erstatning frå Landbruksdirektoratet, blant anna produksjonstilskot, regionalt miljøtilskot og naturskadeerstatning.