Godkjenning av organisasjon som oppkrevjar og fordelar tilleggsvederlag

Det krevst godkjenning av organisasjonar som skal krevje tilleggsvederlag på vegner av utøvande kunstnarar sine lydopptak. Her finn du informasjon om søknaden og krav som vert stilte for å få slik godkjenning.

Om denne tenesta

Søkjaren må leggje fram relevant dokumentasjon som viser at kravet til representasjon er oppfylt, til dømes fullmakter. Også dokumentasjon som viser at organisasjonen er egna til å forvalte rettar på området, t.d. informasjon om system for rettighetsforvaltning, vil vere relevant for søknaden.

Krav til ytterlegare dokumentasjon vil gå fram under behandlinga av søknaden. Krava til dokumentasjon kan variere, og Kulturdepartementet vil i kvar enkelt sak opplyse om kva for dokumentasjon som vert kravd.

Kriterium/vilkår

For å bli godkjent må søkjar vere ein organisasjon som representerer eit betydeleg tal utøvande kunstnarar som medverkar på lydopptak som blir brukt i Noreg, og vere eigna til å forvalta rettane på området.

Gebyr:

Det er ikkje knytt gebyr til søknaden.

Saksbehandlingstid:

Saksbehandlingstida kan variere alt etter kor omfattande søknaden er. Fristen skal likevel ikkje overstige 6 månader etter at all naudsynt dokumentasjon er lagt fram, jf. forskrift til åndsverklova § 33.

Klagerett:

Avgjerda frå Kultur- og likestillingsdepartementet er eit enkeltvedtak som kan klagast på etter forvaltningslova §§ 28 og 29. Klagefristen er tre veker.

Kontaktinformasjon

Kultur- og likestillingsdepartementet
Postboks 8030 Dep,
0030 Oslo

E-post: postmottak@kud.dep.no
Telefon: 22 24 90 90

Besøksadresse: Grubbegata 1, Oslo

Åpne kontaktskjema