Søkar må leggje fram relevant dokumentasjon som viser at kravet til representasjon er oppfylt, t.d. fullmakter.
Krav til ytterlegare dokumentasjon vil gå fram under behandlinga av søknaden. Krava til dokumentasjon kan variere, og Kulturdepartementet vil i kvar enkelt sak opplyse om kva for ein dokumentasjon som blir kravd.
LOV-2018-06-15-40 Lov om opphavsrett til åndsverk m.v. § 21 andre ledd. jf forskrift til åndsverklova §28.
Kriterier/vilkår:
For å bli godkjent må søkar vere ein organisasjon som representerer ein vesentleg del av dei kvalifiserte for vederlag.
Gebyr:
Det er ikkje knytt gebyr til søknaden.
Saksbehandlingstid:
Saksbehandlingstida kan variere alt etter kor omfattande søknaden er. Fristen skal likevel ikkje overstige 6 månader etter at all naudsynt dokumentasjon er lagt fram, jf. forskrift til åndsverklova § 33.
Klagerett:
Avgjerda frå Kultur- og likestillingsdepartementet er eit enkeltvedtak som kan klagast på etter forvaltningslova §§ 28 og 29. Klagefristen er tre veker.
Kultur- og likestillingsdepartementet
Postboks 8030 Dep,
0030 Oslo
E-post: postmottak@kud.dep.no
Telefon: 22 24 90 90
Besøksadresse: Grubbegata 1, Oslo