Ein opptakssentral kan gjere opptak av kringkastingssendingar til bruk i undervisning dersom han er godkjend av departementet og han oppfyller vilkåra for avtalelisens.
Her finn du meir informasjon om søknaden og krav som vert stilte for å få godkjenninga.
Følgjande dokumentasjon skal vere vedlagt søknaden:
Søkar må leggja fram relevant dokumentasjon som viser at kravet til representasjon er oppfylt, t.d. fullmakter frå rettighetshavere. Også dokumentasjon som viser at organisasjonen er eigna til å forvalte rettar på området, t.d. informasjon om system for rettsforvaltning, vil vere relevant for søknaden.
Krav til ytterlegare dokumentasjon vil komme fram under behandlinga av søknaden. Krava til dokumentasjon kan variere, og Kultur- og likestillingsdepartementet vil i kvar enkelt sak opplyse om kva dokumentasjon som krevst.
Kriterium/vilkår:
For å bli godkjent må søkar vere ein opptakssentral, og vilkåra for avtalelisens i åndsverklova § 63 første ledd må vere oppfylt.
Gebyr:
Det er ikkje knytt gebyr til søknaden.
Saksbehandlingstid:
Saksbehandlingstida kan variere alt etter kor omfattande søknaden er. Fristen skal likevel ikkje overstige 6 månader etter at all naudsynt dokumentasjon er lagt fram, jf. forskrift til åndsverklova § 33.
Klagerett:
Avgjerda frå Kultur- og likestillingsdepartementet er eit enkeltvedtak som kan klagast på etter forvaltningslova §§ 28 og 29. Klagefristen er tre veker.
Kultur- og likestillingsdepartementet
Postboks 8030 Dep,
0030 Oslo
E-post: postmottak@kud.dep.no
Telefon: 22 24 90 90
Besøksadresse: Grubbegata 1, Oslo