Det krevst godkjenning for at ein organisasjon skal kunne krevje opp og fordele følgerettsvederlag. Her finn du informasjon om søknaden og krav som vert stilte for å få godkjenning.
Følgjande dokumentasjon skal vere vedlagt søknaden:
Søkar må leggje frem relevant dokumentasjon som viser at kravet til representasjon er oppfylt, t.d. fullmakter frå rettshavarane.
Krav til ytterlegare dokumentasjon vil gå fram under behandlinga av søknaden. Krava til dokumentasjon kan variere, og Kulturdepartementet vil i kvar enkelt sak opplyse om kva for dokumentasjon som blir kravd.
Kriterium/vilkår:
For å bli godkjent må søker representere rettshavarar til kunstverk som blir omfatta av reglane om følgjerett og som omsett i Noreg.
Gebyr:
Det er ikkje knytt gebyr til søknaden.
Saksbehandlingstid:
Saksbehandlingstida kan variere alt etter kor omfattande søknaden er. Fristen skal likevel ikkje overstige 6 månader etter at all naudsynt dokumentasjon er lagt fram, jf. forskrift til åndsverklova § 33.
Klagerett:
Avgjerda frå Kultur- og likestillingsdepartementet er eit enkeltvedtak som kan klagast på etter forvaltningslova §§ 28 og 29. Klagefristen er tre veker.
Kultur- og likestillingsdepartementet
Postboks 8030 Dep,
0030 Oslo
E-post: postmottak@kud.dep.no
Telefon: 22 24 90 90
Besøksadresse: Grubbegata 1, Oslo