Alle som ønsker å starta produksjon av alkoholholdig drikk må enten ha statleg tilvirkningsbevilling som vil gi rett til engrossalg etter registrering hos skatteetaten, kommunalt salsløyve med rett til tilvirkning for sal i eiga verksemd eller kommunal skjenkebevilling med rett til tilvirkning for skjenking i eiga verksemd.
Helsedirektoratet - tillatelse til å produsere alkoholholdig drikk
Alle som ønskjer å starte produksjon av alkoholhaldig drikk må anten ha statleg tilverkingsløyve som vil gi rett til eingrossal etter registrering hos skatteetaten, kommunalt salsløyve med rett til tilverking for sal i eiga verksemd eller kommunalt skjenkjeløyve med rett til tilverking for skjenking i eiga verksemd.
På helsedirektoratet.no finn du ei oversikt over nødvendige vedlegg og dokumentasjon som må følgje med søknaden. Du må minimum ha med følgjande vedlegg:
• Organisasjonsplan/opplysningar om organisasjonen.
• Aksjeeigarbok (oppdatert pr. d.d.).
• Selskapsavtale, evt. stiftingsdokument.
• Skatteattest for personar med vesentleg innverknad på verksemda. Denne må vere nyare enn 6 månader, og må bestillast av den enkelte på skatteetaten.no.
• Skatteattest for verksemda som søkjar.
• Kvittering/stadfesting på at verksemda er registrert for næringsmiddelproduksjon frå Mattilsynet.
• Internkontrollsystem; rutinar for lagerhald, inngangskontroll, førebygging av svinn, manko, tjuveri etc. Rutiner for forsvarleg sikring av varene under transport og evt. mellomlagring og dessutan transportsystem/ kva bilar som skal nyttast. Rutingar for sikring av rett alkoholprosent.
• Planteikning over lokala for verksemda.
• Forsikringsdokument - stadfesting på fysisk sikring av lager- og tilverkingsanlegg. Bør innehalde forsikringsgrad. (Forsikring er ikkje eit krav, men veg positivt ved vurderinga av om tryggleiken er god nok.)
• Ved produksjon av alkohol i gruppe 3: ferdigattest for FG-godkjend grad B2 alarmsystem.
• Eventuelt andre vedlegg.
Helsedirektoratet, om tilvirkningsbevilling
Dersom verksemda ønskjer å drive eingrossal/vidaresal til grossistar eller andre med sals- eller skjenkjeløyve (restaurantar, butikkar, Vinmonopolet osb.) er det krav om statleg tilverkingsløyve. Verksemda må også registrerast hos Skatteetaten (skatteetaten.no).
Dersom formålet med tilverkinga berre er for sal eller skjenking i eiga verksemd, er det tilstrekkeleg med eit kommunalt løyve. Verksemda må også registrerast hos Skatteetaten.
Kva gebyr som kjem finnar du i forskrift om eingrossal mv av alkohol, kapittel 3 og 4.
Forskrift om eingrossal og tilverking av alkoholhaldig drikk osb.
Forskrift om eingrossal og tilverking av alkoholhaldig drikk osb.
For å søkje om tilverkingsløyve må det betalast eit søknadsgebyr. Gebyret kjem fram av engros forskrifta §3-1 :
- For tilverking av alkoholhaldig drikk som ikkje er brennevin : kr 12 000,-
- For tilverking av brennevin: kr 15 000,-
- For tilverking av all alkoholhaldig drikk: kr 15 000,-
- For endring frå alkoholhaldig drikk som ikkje er brennevin til alkoholhaldig drikk: kr 3 600,-
Løyve for tilverking av alkoholhaldig drikk, jf. alkohollova kap 6 er eit enkeltvedtak som kan klagast på til Helse- og omsorgsdepartementet etter forvaltningsloven § 28 og 29. Ei eventuell klage må vera skriftleg og grunngitt. Klaga sendast til postmottak@helsedir.no.
Helsedirektoratet
Postboks 220, Skøyen
0213 Oslo
E-post: postmottak@helsedir.no
Telefon: (+47) 47 47 20 20
Besøksadresse:
Vitaminveien 4,
0483 Oslo