Skal du skjenka alkohol på tog som er offentleg transportmiddel skal det søkast om statleg skjenkebevilling. Det same gjeld for fly som er offentlege transportmiddel og som går i innenrikstrafikk. Søknad om slik skjenkebevilling skal sendast til Helsedirektoratet.
Firmaattest (ikkje eldre enn 1 år), skatteattest på sentrale personar, internkontrollrutinar samt konseptskildring må leggjast ved søknaden.
Dersom det skal skjenkast alkohol ombord på fly eller tog som er offentlege transportmiddel og som går i innanrikstrafikk, må det søkjast Helsedirektoratet om statleg skjenkjeløyve.
Søkar skal vere den som driv verksemda på si rekning. Det vil seie at det i utgangspunktet er togselskapet som søkjer om løyve. Dersom eit togselskap har satt bort skjenking av alkohol til eit cateringselskap, er det cateringselskapet som skal søkje om løyve.
Kriterium/vilkår:
Det blir stilt krav til registrering i Føretaksregisteret før løyve blir gjeve.
Løyvehavar og personar med vesentleg innverknad på verksemda må ha utvist uklanderleg vandel i forhold til alkohollovgjevinga og bestemmingar i anna lovgjeving som har samanheng med alkohollova sitt formål, i tillegg til skatte- og avgifts- og rekneskapslovgjevinga.
For kvart løyve må det utpeikast ein styrar og ein avløysar. Desse må vere over 20 år, ha plettfri vandel og dokumentert kunnskap om alkohollova.
Merknader:
Skjenking av alkoholhaldig drikk ombord på fly eller tog som er offentlege transportmiddel og som går i innanrikstrafikk, krev at det ligg føre eit statleg skjenkjeløyve.
Helsedirektoratet om skjenkebevilling på tog, fly og skip
Søknadsgebyr:
Det blir ikkje kravd søknadsgebyr, men løyvegebyr på grunnlag av forventa omsett mengde alkoholhaldig drikk jf. alkoholforskrifta §6-1 og §6-2
Klagerett:
Løyve for skjenking av alkoholhaldig drikk på tog og fly, jf. alkohollova §5-2 er eit enkeltvedtak som kan klagast på til Helse- og omsorgsdepartementet etter forvaltningslova § 28 og 29.
Ei eventuell klage må vera skriftleg og grunngitt. Klaga sendast til postmottak@helsedir.no.