Godkjenning som skadedyrnedkjempar

Alle som ønskjer å arbeide med ervervsmessig skadedyrbekjemping i Noreg må ha godkjenning frå Folkehelseinstituttet. Godkjenning kan givast til enkeltpersonar som har gjennomført og bestått kurs arrangert av Helsedirektoratet og dokumentert naudsynt praksis. Søknad om godkjenning kan sendast inn etter at eksamen på kurset er bestått.

Helsedirektoratet, søknad om godkjenning som skadedyrbekjemper

Om denne tenesta

Følgjande dokumentasjon skal vera vedlagt søknaden:

  • Dokumentasjon på utført praksis.
  • Praksis blir dokumentert med 20 protokollar frå gnagarbekjempingar og 20 protokollar frå insektbekjempingar som søkjar har vore med på. Desse skal vera signerte av søkjar og rettleier (for å vera rettleiar må ein vera godkjent skadedyrbekjemper). Protokollane skal vera frå dei siste fem år. Praksisen skal vera av minst éin månads varigheit på kvart av områda og han skal vera variert.

Godkjenninga gjeld for 10 år. Godkjenninga gir ikkje rett til å bruke gassingsprodukt klassifiserte i farekategoriane: Acute Tox. 1, Acute Tox. 2, Acute Tox. 3, og merka med faresetningane «Dødeleg ved innanding» eller «Giftig ved innanding».

Saksbehandlingstid:

For søknad om godkjenning som skadedyrbekjemper skal saksbehandlingsfrist vere 30 dager, som nemt i tjenestelova § 11 første ledd. Tjenestelova § 11 annet ledd om at løyve blir rekna som gitt når saksbehandlingsfristen er ute, gjeld ikkje for godkjenning av skadedyrbekjemper.

Gebyr:

Det er ikkje noko eige gebyr for søknadsbehandlinga. Ein betaler ei kursavgift når ein melder seg på kurs (kurset er obligatorisk for dei som ønskjer å bli godkjend skadedyrbekjemper og kursavgifta dekkjer òg bøker, kurslokale, utstyr på kurs m.m.

Klagerett:

Klageretten er omtala i merknadane til skadedyrforskriftas § 4-2: Avgjerda om godkjenning eller tilbakekalling av godkjenning, vil vere eit enkeltvedtak etter forvaltningslova. Forvaltningslova og etablerte forvaltningsrettslege saksbehandlingsprinsipp regulerer forvaltninga av denne ordninga. Parten vil ha høve til å klage på vedtaket til Helse- og omsorgsdepartementet etter forvaltningslova sine føresegner.

Merknader:

Før skjemaet blir sendt inn må Kurs for skadedyrbekjempere vera gjennomført og bestått. Kurs blir arrangert kvar vår og haust og informasjon om kursa blir lagde ut på Folkehelseinstituttes nettsider:
Folkehelseinstituttet, kurs for skadedyrbekjempere
Meir om kva krav som blir stilte for å bli godkjend skadedyrbekjemper finn du her:

Helsedirektoratet, kurs for skadedyrbekjempere

Helsedirektoratet, krav for å bli godkjent skadedyrbekjemper

Kontaktinformasjon

Helsedirektoratet
Postboks 220, Skøyen,
0213 Oslo

Telefon: 47 47 20 20
E-post: postmottak@helsedir.no

Åpne kontaktskjema