Persontransport i rute innanlands med motorvogn eller fartøy

Personer/selskap som mot vederlag vil driva innanlands persontransport i rute med motorvogn eller fartøy må ha løyve. Søknad blir send til fylkeskommunen.

Om denne tenesta

Personar/selskap som ønsker å driva innanlands persontransport med motorvogn eller fartøy.

Ved søknaden om ruteløyve må vedleggast:
a) forslag til ruteplan og
b) forslag til takstregulativ og
c) dokumentasjon på at søkar oppfyller dei generelle krava for å kunna få løyva.


Generelle krav:

Dersom ikkje særlege grunnar taler mot det kan løyva blir tildelt søkar som:
a) Driv ein fast og varig verksemd i Noreg,
b) Har god vandel,
c) Har tilfredsstillande økonomisk evne, og
d) Har til strekkelig fagleg kompetanse.
For ruteløyve for fartøy gjeld berre krava om god vandel og tilstrekkeleg økonomisk evne.

Den som vil driva persontransport i rute må i tillegg til turvognløyve ha eit eige ruteløyve. Ruteløyvet er behovsprøvd. Det vil seia at den som ønsker å driva rutetransport må søka fylkeskommunen der verksemda har forretningsadresse om løyve. Fylkeskommunen vurderer behovet for rute på den aktuelle strekninga.

Fartøy som blir sett inn i rutetransport skal godkjennast av fylkeskommunen. Skal erstatningsfartøy brukast i meir enn 3 månader, blir kravde løyvemyndens godkjennelse.

Det blir at kravd søkaren:
• driv ein fast og varig verksemd i Noreg,
• har god vandel,
• har tilstrekkeleg fagleg kompetanse,
• har tilfredsstillande økonomisk evne.
Søkaren må ved søknad om eitt løyve framlegga ei garantifråsegn frå bank eller forsikringsselskap på ein kroneverdi tilsvarande 9 000 euro. For løyve ut over dette gjeld ein kroneverdi tilsvarande 5 000 euro for kvart løyve.

Selskap:

Er søkaren eit selskap eller annan juridisk person, må han til kvar tid dagleg leiar fylla krava til vandel og fagleg kvalifikasjon. Kravet til økonomi må oppfyllast av selskapet. Er søkaren eit nyoppretta selskap, må òg den daglege leiaren oppfylla kravet til økonomi.

For tildeling av ruteløyve med fartøy blir stilt følgjande krav:

Søkaren må oppfylla kravet om tilfredsstillande vandel og økonomi i forskrift om yrkestransport innanlands med motorvogn eller fartøy.

Kravet til økonomi må oppfyllast av selskapet. Er søkaren eit nyoppretta selskap, må òg den ansvarlege leiaren oppfylla kravet til økonomi.

Gebyr:

Yrkestransportforskrifta § 12 viser dei til kvar tid gjeldande gebyr for behandling av søknad om løyve.

Forskrift om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportforskriften), § 12

 

Ta kontakt med fylkeskommunen i det fylka du skal søka om løyve.

Kva fylkeskommune skal du søke i?

Åpne kontaktskjema