Løyve til å utnytte ei forsvarsviktig oppfinning

Dersom nokon ønskjer å utnytte ei forsvarsviktig oppfinning må dei på førehand søkje løyve hos Forsvaret. Søknader til Forsvaret om løyve skal sendast til Nasjonal sikkerheitsmyndighet (NSM) for behandling på vegne av Forsvaret. 

Om denne tenesta

Kriterium/vilkår:

Vil nokon utnytte ei oppfinning som nemnt i lov om forsvarsviktige oppfinningar § 2, må vedkommande inngi fullstendig skriftleg framstilling av oppfinninga til Forsvaret, eller på vanleg måte inngi patentsøknad til Styret for det industrielle rettsvern (Patentstyret) dersom vedkommande ønskjer industrielt rettsvern for oppfinninga.

Saksbehandlingstid:

Søknaden blir handsama innan fristane i forvaltningslova i samsvar med forskrift om handsaming av saker etter lov om oppfinningar av betydning for rikets forsvar.

Gebyr:

Det er ikkje noko gebyr for handsaming av søknader.

Klagerett:

Eit vedtak kan klagast på til Forsvarsdepartementet.

Industrielt rettsvern:

En søknad om rettsleg vern (industrielt rettsvern) blir sendt til Patentstyret som ein ordinær patentsøknad med informasjon om at søknaden gjeld ein forsvarsviktig oppfinning. Søknaden vil bli handsama på same måte som ordinære patentsøknader, og i samsvar med eventuelle krav til vern av informasjon som følgjer av at informasjonen om oppfinninga er gradert. Sjå nærmare omtale på Patentstyret sine heimesider. Her vil òg informasjon om saksbehandlingstid, gebyr og klagemoglegheiter framgå.

Kontaktinformasjon

Nasjonal sikkerhetsmyndighet
Postboks 814
1306 Sandvika


E-post: postmottak@nsm.no
Telefon: 67 86 40 00

Åpne kontaktskjema