Miljøundersøking skal for akvakultur av laks, aure og regnbogeaure første gong gjennomførast på det tidspunktet i produksjonssyklusen det er størst belastning eller biomasse på lokaliteten.
Miljøundersøking skal for akvakultur av andre fiskeartar enn laks, aure og regnbogeaure første gong bli gjennomførde når det blir produsert meir enn ein tredjedel av tillaten biomasse som melde i akvakulturtillatinga. Deretter skal det gjerast miljøundersøkingar etter dei frekvensane som følgjer av NS 9410 eller tilsvarande internasjonal standard eller anerkjend norm.
Rapporteringsfrist for MOM-B-undersøkingar er 1 månad etter feltdato, etter dei frekvensane som er gitt i §35 i akvakulturdriftsforskrifta
Skjemaet skal sendast inn etter at miljøundersøking er gjort.
Innehavar av akvakulturlokalitetar i sjøvatn med produksjon av fisk.
For å få tilgang til denne tenesta treng du Altinn-rolla "Utfyller/innsender", "Privatperson", "Basisrolle" eller "Primærnæring og næringsmiddel". Tilgang til tenesta er delegerbar til organisasjon og person.
Krev innlogging med sikkerheitsnivå 2 eller høgare.
Manglar du desse rollene, må du få nokon til å gi dei til deg. Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar
Skjemaet har krav om at resultatet av miljøundersøkinga (rapporten) skal leggjast ved som vedlegg.
Oppgåveplikta består av eitt skjema - FKD-0003 Miljørapportering.
Innkrevjarar er Fiskeridirektoratet. Kopi av innrapporterte data vert sendt til Miljødirektoratet.
Fiskeridirektoratet svarer på faglige spørsmål om skjemaet.
Telefon 03495 eller e-post: postmottak@fiskeridir.no