Skjemaet skal nyttast av alle føretak som er pliktige til å senda melding til Finanstilsynet ved inngåing av avtalar om utkontraktering av verksemd og IKT-tenester. Føretak under tilsyn kan vera omfatta av meldeplikt ved utkontraktering av verksemd etter gjeldande sektorregelverk eller konsesjonsvilkår. Finanstilsynet ber om at skjemaet blir nytta for meldeplikt etter sektorregelverk og konsesjonsvilkår der dette er relevant i tillegg til finanstilsynslova § 4 c.
Skjemaet blir nytta for å rapportera om utkontrakteringar som er meldepliktige etter gjeldande regelverk.
Berre føretak som er omfatta at regelverket om meldeplikt, og som har konsesjon gitt av Finanstilsynet kan nytta skjemaet.
Dette skjemaet erstattar tidlegare skjema KRT 1121 og KRT-1215 Utkontraktering av IKT-kontraktar.
For ytterlegare informasjon om utkontraktering sjå Finanstilsynet sine nettsider
Start tenesteSkjemaet blir nytta for å rapportera om utkontrakteringar som er meldepliktige etter gjeldande regelverk.
For å fylle ut skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyllar/innsendar.
For større føretak med fleire organisasjonsnummer er det viktig at innsendar nyttar det organisasjonsnummeret som er tildelt konsesjonen.
Du kan sjå kva roller du har for ein aktør på sida Profil, roller og rett. Om du ikkje har desse rollene, må du få dei delegert til deg frå nokon som har.
Kva dokumentasjon som skal leggjast ved går fram av skjemaet.
LOV 1956-12-07 nr 01: Lov om tilsynet med finansinstitusjoner mv. (finanstilsynsloven)
Gjeldande sektorlovggjeving.
Følgende personer kan kontaktes ved spørsmål om utfylling av skjemaet:
Arild Tømmerås,
Tlf.: 22 93 98 54
Epost: art@finanstilsynet.no