Dette skjema skal nyttast ved søknad om personleg inkassobevilling.

Start teneste

Om denne tenesta

Søknad med vedlegg sendast inn når søkaeren meiner å oppfylle vilkåra for godkjenning, og har framskaffa dokumentasjon. Sjå informasjon om vilkåra på Finanstilsynets nettsted.

Søknadsskjemaet skal nyttast for personleg søknad om konsesjon.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyllar/Innsendar. Du kan sjå kva for roller du har for ein aktør på sida Profil.

Kva vedlegg som er nødvendige kjem fram i skjemaet.  

Sjå informasjon om vilkåra for godkjenning på Finanstilsynets nettsider:

https://www.finanstilsynet.no/tillatelser/inkasso/

Saksbehandlingstid
Finanstilsynet som mål å behandle søknadar om konsesjon innan 30 dagar. Behandlingstida vert likevel påverka av kompleksiteten i søknaden, saksmengda elles og allokeringa av ressursane. Mangelfull dokumentasjon forseinkar også saksbehandlingstida. Enkelte kan derfor oppleve lengre behandlingstid enn 30 dagar.

Søkjaren får alltid eit vedtaksbrev når søknaden er ferdig behandla. Svaret blir som hovedregel sendt til digital postkasse, hvis søkjaren har oppretta slik. Hvis søkjaren ikkje har digital postkasse, blir svaret sendt til oppgitt postadresse. Søkjaren blir også kontakta hvis det går fram av søknaden at naudsynt dokumentasjon er uteglemt.

Gebyr:
For behandling av søknad om personleg inkassobevilling blir det fakturert eit gebyr på fire gonger rettsgebyret. Per no er det på 5.256 kroner.

Søkjaren kan klage på eit endeleg avslagsvedtak.  

Klagerett:
Finanstilsynets vedtak kan du klage på innan tre veker etter at vedtaksbrevet er motteke. Klagen sendast til Finanstilsynet. Klageinstansen er Finanstilsynsklagenemda. Søkjaren har rett til å gjere seg kjend med sakas dokumenter innanfor rammene av forvaltningslova §§ 18 til 19. Klaga må nemne kva for eit vedtak det vert klaga over, kva for endring som ønskast og dei grunnane klaga støttar seg til. Finanstilsynet gjer dei undersøkingane som klaga gjev grunn til, og oversender klaga til klageinstansen dersom avslaget vert oppretthalde, jf. forvaltningslova § 33  

Treng du hjelp?

Send e-post til post@finanstilsynet.no, eller kontakt oss på telefon 22 93 98 00.

Åpne kontaktskjema