Søknadskjema for konsesjon som betalingsføretak med begrensa løyve
Ved søknad om konsesjon som betalingsføretak med begrensa tillating blir dette skjemaet nytta
Når skal skjemaet brukast?
Ved behov.
Feilinnsending:
Dersom søknad er sendt inn ved ein feil eller derson søknaden trekkast tilbake, så må Finanstilsynet få melding.
Kven skal bruke skjemaet?
Føretak som tilfredsstiller krava i finansforetaksloven § 2-10 tredje ledd, kan søke om løyve til å drive verksemd som betalingsføretak med begrensa løyve.
Eit begrensa løyve til å yte betalingstenester i Noreg kan berre omfatte betalingstenester som følgjer av finansavtaleloven § 11 første ledd bokstav d, det vil seie pengeoverføringar.
Løyvet kan berre gis til føretak, herunder enkeltpersonføretak, ikkje til fysiske personar.
For å fylla ut og senda inn dette skjemaet treng du tilgangspakken Starte, endre, drive og avvikle virksomhet
Du kan sjå kva tilgangar du har på sida for tilgangsstyring. Om du ikkje har tilgang, må du få nokon med rettar til å delegera det til deg.
Kva skal eg leggje ved?
Hvilke vedlegg som krevs går fram av skjemaet.
Meir om skjemaet
I følgje Forskrift om utligning av Finanstilsynets utgifter ved tilsyn, er det innført eit gebyr på 30 000 kroner for å få søknad om konsesjon behandla av Finanstilsynet.
Kvittering for betalt gebyr skal ligge ved søknad. Finanstilsynet vil ikkje starte søknadsbehandlinga før kvittering er mottatt og innbetaling er kontrollert.
Institusjoner under tilsyn av Finanstilsynet – herunder betalingsføretak – betaler i tillegg ein årleg avgift til Finanstilsynet som blir berekna kvart år. Storleiken på avgiften blir fastsatt av Finansdepartementet.
