Søknad om løyve og melding om registrering av låneformidlingsverksemd (KRT-3011)
For å drive verksemd som låneformidlar, krevst løyve frå Finanstilsynet eller registrering i Finanstilsynets verksemdsregister. Krav til registrering gjeld for låneformidlar av lån til næringsdrivande, aksessorisk låneformidlar av andre lån enn bustadlån til forbrukarar eller finansagent som er finansagent for eitt finansføretak. Formidling av lån til forbrukarar krev løyve. Løyve blir gitt som finansagentføretak eller finansmeklarføretak.
Sjå meir informasjon på Finanstilsynets nettsider
Når skal skjemaet brukast?
Skjemaet blir nytta ved søknad om eller ved registrering av låneformidlingsverksemd.
Kven skal bruke skjemaet?
For å fylla ut og senda inn dette skjemaet treng du tilgangspakken Starte, endre og avvikle virksomhet.
Du kan sjå kva tilgangar du har på sida for tilgangsstyring. Om du ikkje har tilgang, må du få nokon med rettar til å delegera det til deg.
Kva skal eg leggje ved?
Krav til vedlegg kjem fram av skjemaet.
