Dette skjema skal nyttast ved søknad om godkjenning som revisor.

Start teneste

Om denne tenesta

Søknadsskjemaet skal kun nyttast for personleg søknad om konsesjon, inkludert personar som ønskjer konsesjon på grunnlag av yrkeskvalifikasjon frå utlandet. Søknadsskjemaet gjeld kun søkjare som har norsk ID (fødselsnummer eller D-nummer).

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyllar/Innsendar. Du kan sjå kva for roller du har for ein aktør på sida Tilgangsstyring.

Kva vedlegg som er nødvendige kjem fram i skjemaet.

Sjå informasjon om vilkår for konsesjon på Finanstilsynet sine nettstader:

Informasjon om personlig konsesjon som statsautorisert revisor

Informasjon om personlig konsesjon hvis du har revisorkvalifikasjoner fra EU/EØS-land, Sveits eller Storbritannia

Gebyr:

Det er ikkje behandlingsgebyr for å søkje om konsesjon som statsautorisert revisor.

Saksbehandlingstid:

Finanstilsynet som mål å behandle søknadar om konsesjon for  revisorar innan 30 dagar. Behandlingstida vert likevel påverka av kompleksiteten i søknaden, saksmengda elles og allokeringa av ressursane. Mangelfull dokumentasjon forseinkar også saksbehandlingstida. Enkelte kan derfor oppleve lenger behandlingstid enn 30 dagar.

Klagerett:

Finanstilsynets vedtak kan påklagast. Det er Klagenemnda for revisor- og regnskapsførersaker som er klageinstans, jf. forskrift av 1. februar 2012 nr. 111. Klagen skal sendast til Finanstilsynet, som skal utføre dei undersøkingane som klagen gir grunn til og sende klagen over til klageinstans dersom avslaget vert halde ved lag, jf. forvaltningslova § 33. Klagen må nemne kva for vedtak som det vert klaga over, kva for endring ein ønskjer og dei årsakene klagen støttar seg til.

For andre konsesjonssøknadar er normal saksbehandlingstid 3-4 veker, rekna får det tidspunktet komplett søknad om konsesjon med alle relevante vedlegg er teken imot av Finanstilsynet.

Søkjar har høve til å klage etter forvaltningslova § 28.  

Spørsmål om skjemaet?

Send e-post til post@finanstilsynet.no eller telefon:

  • Revisor: 22 93 99 92
  •  

Kontaktinformasjon

Finanstilsynet
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo

E-post: post@finanstilsynet.no
Telefon: 22 93 98 00.

Besøksadresse: Revierstredet 3, 0151 Oslo

Åpne kontaktskjema